Lokal | 12. juli 2010

Leiken «laks» i Oselvo

Saknar du varmare sommarvêr? Denne gjengen synes det er for varmt til å bada i sjøen.

Leiken «laks» i Oselvo
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juli 2010 14:26

Bildeserie:

1 av 9

- Vi badar ofte i Tellevika, men når det er varmt, sånn som i dag, ber vi foreldra våre kjøra oss så vi kan bada i Oselvo, seier den tøffe gutegjengen vi møtte ved Hammaren i sone 4 måndag.

Temperaturen hadde nettopp auka frå 14,5 til gradar. I lufta. Ikkje nok til å få folk over konfirmasjonsalder til å setja bading øvst på ønskelista for dagen, men plenty for fryktlause smågutar.

- Det er varmt i elva og, påsto dei fem kameratane, og hoppa frå Hammaren.

Medan Bjørn Onarheim, Sondre Aadnevik, Ludvig Egge Drange og Trym Aksnes hoppa igjen og igjen var Sondre Aksnes framleis tørr i luggen.

- Eg bada i går, sa han, men så stilte han seg på kanten og tok baklengs salto. Han sa seg einig i at temperaturen ikkje var så verst, så det blei ikkje det einaste hoppet.

Vêret skal halda seg «varmt» framover, frå til 16 gradar. Onsdag skal det bli delvis skya, elles ser det ut til å bli vått også på land denne veka.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro - frå Yr på Midtsiden.no.

Også laks og tert
Og laksen, det er fanga litt av rette sort, også etter at Kjell Olsen fiska årets Oskar. Det er tatt tert både i dag og i går, og laurdag fekk Lars Kåre Bjørnarøy ein oppdrettslaks på 7,6 kg.

Prohd.no følgjer laksefisket i Oselvo frå dag til dag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.