Lokal | 24. mai 2009

Leita i fire timar

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2009 06:58

I 23-tida laurdag fekk politiet melding om at det var funnen ein grå Zodiak gummibåt med 5 hk påhengsmotor på rek i Lysefjorden, nordvest for Lysøya.

- Meldar hadde ikkje registrert andre båtar eller folk i nærleiken. Dei hadde heller ikkje høyrt roping eller liknande. Likevel rykte politibåt og ei redningsskøyte ut for å gjera søk i området, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Hilland.

Det var gode søkeforhold med stille sjø og fint vêr.

- Klokka tre i natt bestemte søkemannskapet seg for å slutta av. Då hadde dei gjort søk i eit ganske stort område, og verken gjort funn eller fått melding om sakna, seier Hilland.

Heller ikkje i etterkant av at søket blei avslutta har det kome inn meldingar som har med gummibåten å gjera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.