Politi | 03. mai 2022

Leitte etter bilførar - fekk lite hjelp

Mannen har ikkje førarkort, men var heller ikkje lett å finna.

Leitte etter bilførar - fekk lite hjelp
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mai 2022 07:46

Måndag i 23-tida prøvde politiet å kontrollera ein bil som sto parkert utanfor ein bustad.

Mannen dei mistenker var bilførar, har ikkje førarkort. Han er i slutten av 20-åra.

– Vi veit ikkje om vedkomande hadde gått inn i huset, og kvinna som bur der var lite samarbeidsvillig, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to er i slekt. Begge er kjent for politiet frå før. Det er oppretta undersøkelsessak.

Fekk melding om bil utan kjennemerke

Rundt klokka 21.15 måndag kveld fekk politiet melding om ein bil som var observert køyrande utan kjenneteikn.

Bilen blei observert på Skeie, og blir skildra som liten og svart, mogleg ein Golf.

Det var ingen utrykking på meldinga.

52 bilførarar blei kontrollert

I 22-tida i går hadde politiet promillekontroll i Os.

52 trafikantar blei kontrollert, politiet fann ingenting å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.