Sport | 12. mars 2019

Leiv Gunnar Heggland ny styreleiar i Os Fotball

– Det var veldig kjekt å bli spurd, seier Heggland, på veg ut av lokalpolitikken og inn i idretten.

Leiv Gunnar Heggland ny styreleiar i Os Fotball
Leiv Gunnar Heggland gir seg etter ein lengre periode i politikken, og har no tatt på seg leiarverv i styret i Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mars 2019 14:33

Måndag var det årsmøte i Os Turneforening si fotballgruppe. Styrleiar Jon Sivert Rykkel takka av etter eit år med sportsleg og økonomisk opptur, men stilte ikkje til gjenval.

– Eg har blitt far etter at eg kom inn som styreleiar våren 2017, og det å kombinera familieliv med frivillige verv kan vera ein krevjande balanse. No valte eg å trø til side, seier Rykkel.

Han kan sjå tilbake på to gode år, ikkje minst 2018, med tre opprykk og eit økonomisk overskot på 120.000 kroner.

Os Fotball tel rundt 680 medlemmar og er del av Os Turnforening.

Tre nye inn i styret

Tidlegare styreleiarar dei siste åra er Erlend Eidhammer, Knut Haddal, Terje Hjertnes og Leif Gunnar Borgen.

No har ein ny Leiv Gunnar kome inn som leiar, Leiv Gunnar Heggland (50).

Heggland jobbar innan sal og marknad i ABB, og har blant anna landa Noregs største elektrokontrakt, jobben på 382 millionar kroner som blei starta i januar i år, mellom Svegatjørn og Rådal.

Torkel Hjertnes, Jan Frode Skeie, Torill Blindheim og Trine Lund blir sitjande, mens Bjørn Aadland og Solfrid Vernøy har gått ut av styret.

Forutan styreleiar Heggland, har Kine Lunde og Vidar Bahus kome inn i styret.

Frå politikk til idrett

Leiv Gunnar Heggland har lang fartstid i lokalpolitikken, for Frp, og har vore medlem i blant anna kommunestyret, tenesteutvalet og kontrollutvalet. Han har òg sete i styret til Oseana KF.

Han har varsla at han ikkje vil stå på lista til årets val, og går no frå politikk til idrett.

– Dottera mi spelte fotball for nokre år sidan, og sonen min er aktiv på Os gutar 13. Sjølv har eg inga fartstid innan fotballen, men eg har eit veldig godt inntrykk av Os Fotball, og synest det er mykje spennande som skjer i idrettslaget.

Allereie tysdag morgon sendte han ut innkalling til første styremøte, som er førstkomande søndag.

Kollektiv innsats

Avtroppa styreleiar nevner balanse mellom topp og breidde, det å setja saman og halda drift i underutval, og det å planlegga vidare vekst, som sentrale saker for styret.

– I mi tid har vi jobba mykje med det som handlar om ressursbruk innan topp og breidde, og klart å få på plas eksterne trenar-ressursar på alle alderstrinn ned til 13-åringane. Det er vi nøgde med. Når det kjem til anlegg og planar for vidare vekst, er dette truleg noko påtroppande styre vil ha blant sine viktigaste oppgåver, trur Rykkel.

Heggland seier han vil bruka tida som kjem til å bli endå betre kjent med klubben.

– Eg har inntrykk av at engasjementet er stort, og reknar òg med at det er ulike meiningar på kva som bør prioriterast. Allereie på møtet i går kom det fram mange interessante synspunkt og idear.

– Oppgåva no blir å prøva å vidareføra det som fungerer bra og å avdekka kva som er behover vidare. Det gjeld å staka ut ein kurs som gjer at alle med engasjement jobbar kollektivt mot same mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.