Lokal | 08. jan. 2019

Starta på rekordkontrakten i dag

E39 Svegatjørn-Rådal: Thunestvedt og ABB er i gang med arbeidet til 382 millionar kroner.

Starta på rekordkontrakten i dag
Team Thunestvedt klare for å byrja på rekordkontrakten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. jan. 2019 15:05

Bildeserie:

Arbeidet startar i Skogafjellstunnelen. (Foto: KVB)
Arbeidet startar i Skogafjellstunnelen. (Foto: KVB)
Det eine løpet er stengt for å gje Thunestvedt og ABB trygge arbeisforhold. (Foto: KVB)
Det eine løpet er stengt for å gje Thunestvedt og ABB trygge arbeisforhold. (Foto: KVB)
Ein kort prat før start. (Foto: KVB)
Ein kort prat før start. (Foto: KVB)
Lagbilde med vegvesen, ABB og Thunestvedt. (Foto: KVB)
Lagbilde med vegvesen, ABB og Thunestvedt. (Foto: KVB)
Leiinga frå kvar instans. (Foto: KVB)
Leiinga frå kvar instans. (Foto: KVB)
På heimebane: Lærling Bjørnar Rusås. (Foto: KVB)
På heimebane: Lærling Bjørnar Rusås. (Foto: KVB)
Så kunne arbeidet starta. (Foto: KVB)
Så kunne arbeidet starta. (Foto: KVB)
Jacobsen og Rusås hadde tydelegvis sett fram til denne dagen. (Foto: KVB)
Jacobsen og Rusås hadde tydelegvis sett fram til denne dagen. (Foto: KVB)
Thunestvedt og ABB får, som Veidekke, base i Ulvenparken. (Foto: KVB)
Thunestvedt og ABB får, som Veidekke, base i Ulvenparken. (Foto: KVB)
1 av 9
Arbeidet startar i Skogafjellstunnelen. (Foto: KVB)
Det eine løpet er stengt for å gje Thunestvedt og ABB trygge arbeisforhold. (Foto: KVB)
Ein kort prat før start. (Foto: KVB)
Lagbilde med vegvesen, ABB og Thunestvedt. (Foto: KVB)
Leiinga frå kvar instans. (Foto: KVB)
På heimebane: Lærling Bjørnar Rusås. (Foto: KVB)
Så kunne arbeidet starta. (Foto: KVB)
Jacobsen og Rusås hadde tydelegvis sett fram til denne dagen. (Foto: KVB)
Thunestvedt og ABB får, som Veidekke, base i Ulvenparken. (Foto: KVB)

I september signerte Statens vegvesen sin største elektro-kontrakt nokosinne, bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal, ein entreprise på 382 millionar kroner.

Jobben er den tredje største delentreprisen på E39 Svegatjørn-Rådal.

Arbeidet skal utførast av arbeidsfelleskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker.

I dag starta dei på oppdraget.

400 kamera og 260 telefonar

Kontrakten inneheld blant anna 125 km med el-kablar, 100 km med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel.

Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 nødtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Tar Skogafjellstunnelen først

Både Thunestvedt, ABB og Statens vegvesen var representerte ved Svegatjørn før oppstart i dag.

Blant dei som møtte var byggeleiar Terje Gundersen og kontrollingeniør Raymond Halland frå vegvesenet, HMS-leiar frå ABB og assisterande prosjektleiar Anders Jacobsen frå Thunestvedt.

– Vi etablerer base i Ulvenparken, og har dette som utgangspunkt gjennom heile perioden, også når vi skal montera i Fana, fortel Jacobsen.

Også hovudentreprenør Veidekke, som hadde brakker i Kolskogen som hovudkontor, har flytta basen til Ulvenparken.

– Arbeidet startar i Skogafjellstunnelen (1,5 km), så blir det Råtunnelen (2,2 km) i Fana før vi tar opninga mellom Os og Fana, Lyshorntunnelen (9,2 km).

Eitt løp er stengt for anna ferdsel enn Thunestvedt mens elektromontørane jobbar. Sånn blir det i dei neste tunellane òg.

– Det blir fast fellesmøte annakvar veke der vi koordinerer alle fag sin komande aktivitet dei neste fjorten dagane, fortel Halland frå Statens vegvesen.

Får delar av læretida på heimebane

Mens ABB står for planlegging, styring, programmering og testing er det arbeidslaget frå Thunestvedt som skal ha mesteparten av det fysiske arbeidet på prosjektet.

Magnus M.Thunestvedt AS blei etablert i 1922. Frå hovudkontoret i Bergen, og med avdeling på Osterøy, utgjer morselskapet Thunestvedt AS, saman med dei tre dotterselskapa Vangen Elektriske AS på Voss, Sæterdal Elektro AS i Vaksdal og Vestgar Elektro AS på Sotra, ein samansveisa familie, skriv selskapet på eigne heimesider.

– Er familien stor nok til å ta heile jobben med eksisterande mannskap?

– Vi startar med 8-10 mann, men skal på det travlaste ha opptil 45 montørar i sving på same tid. Sjølv om vi til saman har 250 tilsette, er det nok mogleg at vi må leiga inn eller tilsetja fleire, seier Jacobsen.

Ein av dei som får vera med og jobba på prosjektet frå start er lærling Bjørnar Rusås frå Os.

– Til no har eg vore på eit næringsbygg og ein barnehage. Det blir kjekt å få jobba i heimbygda, og å få delta på eit prosjekt som dette, seier Bjørnar.

Byggeleiar Terje Gundersen frå Statens vegvesen rakk knapt å ønskja Thunestvedt og ABB lykke til med oppdraget før den første Thunestvedt-pickupen trilla inn i tunellen med skilt til å sikra arbeidsstaden.

Det var tydeleg at arbedslaget var klare til å byrja på oppdraget, som var gjennom ein noko lang anbodsrunde før kontrakten kunne signerast.

Om E39 Svegatjørn-Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km

Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km
• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

Pris 6,5 milliardar kroner (2014-prisnivå)
Finansiering: 40/60 bompengar/stat
Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
Antatt ferdig i 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.