I førre veke arrangerte Os Turn Friidrett lokalt meisterskap i tre greiner innandørs:
• Lengde u/tilløp
• Høgde u/tilløp
• Tresteg u/tilløp
Arrangementet var som vanleg ope for alle, men dei fleste av dei 36 deltakarane var frå friidrettsgruppa i Os Turn.
Det blei sett fleire personlege rekordar, og utøvarar som veteran Jan Borgen og den talentfulle ungdomen Andreas Mowinckel-Nilsen, som fyller 16 år i år, hadde hopp som er beste registrerte i 2013-2014-sesongen.
Lengst og høgast
Andreas hoppa solide 8,30 i tresteg utan tilløp, som ifølgje Os Turn er Noregs lengste denne sesongen.
I høgde blei det ny personleg bestenotering, også det høgast i landet denne sesongen, med 1,45 meter.
I stille lengde klarte han 2,85, som er litt bak personleg rekord, 2,92, også 2,85 er lengst i Noreg i klassen G16.
Resultatliste finn du som bildefil i høgre marg.
Gler seg til utbygging på Kuventræ
Friidrettsgruppa til Os Turnforening er i sterk vekst og seier at dei ser fram til den komande store utbygginga på Kuventræ.
– Nytt anlegg vil gje klubben langt betre treningsforhold og gjera det lettare å arrangera konkurransar utandørs. Dagens anlegg er ikkje godkjent for konkurransar.