Kultur | 16. sep. 2009

Leon på X Factor

Osingen Leon Åserød blir å sjå på TV 2 fredag kveld. - Det blei nok ei AC/DC-låt, seier Leon, som stilte utan instrument.

Leon på X Factor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2009 19:38

Leon Åserød er ein av deltakarane i TV 2 sitt nye underhaldningsprogram X Factor. Om han har X-faktor eller ikkje kan du sjå førstkomande fredag.

- Ei venninne meldte meg på, og eg tenkte det kunne bli ei fin form for promotering av bandet, seier Leon til Midtsiden.no.

Leon spelar saman med broren Jan Atle "Padden" Åserød, Heine Salbu, Trond-Ove Wik og Ørjan Gert Olsen i AC/DC-tributebandet Riff Raff.

- Eg hadde ikkje bestemt meg på førehand kva eg skulle synga, eg ville sjå korleis stemma var den dagen. Men då eg skulle skriva meg inn så måtte eg også notera låt, og det blei nok AC/DC, ja, stadfestar han.

X Factor-deltakaren har ikkje lov til å seia korleis det gjekk, det må vi sjå fredag kveld.

- Det blei ein dag med mykje venting, eg trur eg kom inn i siste pulje. Heldigvis gjorde vi ikkje som mange andre, som sat og venta frå tidleg om morgonen. Vi kjørte til audition i Bergen i 15-tida på dagen, så det blei ikkje meir enn nokre få timar før det blei min tur, seier Leon.

Om X Factor på TV2.no

Riff Raff har spelt fleire fullsette konsertar, blant anna på Bar2Be. Under kan du sjå snutt frå ein av konsertane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.