Politi | 04. juli 2021

Lett MC målt til 80 km/t i ei 50-sone

UP hadde fartskontroll i Os i dag.

UP hadde kontroll i Os i dag. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. juli 2021 18:49

Søndag i 15-tida fortalte Vest politidistrikt om førarkortbeslag i Bjørnafjorden kommune.

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll, og målte ein lett MC til 80 km/t i ei 50-sone.

75 km/t er høgaste fart du kan ha i ei 50-sone og likevel ha håp om å halda på førarkortet.

– Vi får ein del meldingar om stygg køyring med både bil og lett MC for tida. Vi og UP kjem til å vera ein del i trafikken den komande tida, sa lensmann Oddbjørn Dyrdal fredag.

Det er ikkje opplyst kva veg dei hadde fartskontroll på, anna enn at det er på Os-sida av kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.