Politi | 02. juli 2021

Frå Frankrike til Bjørnafjorden med svært dårlege dekk

Vegvesenet ringte politiet då dei såg tilstanden.

Frå Frankrike til Bjørnafjorden med svært dårlege dekk
Fleire av dekka var slite heilt inn til korden. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juli 2021 07:32

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på E39 ved Hjellemarka i går.

Ein utanlandsk varebil hadde så dårlege dekk at korden kom ut fleire stadar.

– Dette såg vi på som så alvorleg at vi tilkalla politiet, seier Inge Hellebust frå Statens vegvesen.

Det blei forelegg og bruksforbod på varebilen, som har køyrd med last frå Frankrike via Tyskland og Sverige til Noreg og Vestlandet. (Foto: SVV)
Det blei forelegg og bruksforbod på varebilen, som har køyrd med last frå Frankrike via Tyskland og Sverige til Noreg og Vestlandet. (Foto: SVV)

Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel at det blei 6.000 kroner i forelegg på bilførar.

Både Dyrdal og Hellebust er tydeleg på at dette var svært uansvarleg av førar.

– Bilen skulle levera ei last den hadde henta i Frankrike, og har køyrd gjennom blant anna Tyskland og Sverige på veg til Noreg og Vestlandet.

– Vassplaning eller eksplosjon av dekk i fart kunne fått alvorlege konsekvensar for både bilførar og andre.

Fleire reaksjonar

23 tunge køyretøy var over kontrollplassen, 5 tunge og 4 lette blei kontrollert.

Dårlege dekk var ikkje einaste skavank.

– Ein annan varebil lasta med flyttegods hadde 800 kilo overlast (godkjent for 3,5 tonn, vog 4,3 tonn).

Bilen måte lasta av. Førar blei meldt.

– Elles blei ein varebil i dårleg stand avskilta, det blei ilagt bruksforbod grunna manglande lastsikring, ein bil lasta med fisk hadde avrenning, og vi gav ut nokre pålegg om utbetring av blant anna feil på lys, knekte fjører og laus travers.

Lite feststøy - mange fartssyndarar

Dyrdal fortel om ein elles stille torsdag.

– Sjølv om fleire har ferie, og vi har fint vêr og lyse kveldar, ser det ut til å vera fredeleg i bygda.

– Men vi får meldingar og observerer sjølv ein del stygg køyring med både lett MC og bil. Om ikkje vi har måling blir det ofte muntleg åtvaring, som vi hadde nokre av i går, men både vi og UP kjem til å vera ein del på vegane i sommar.

– Det kjem også nokre meldingar om høg fart på sjøen, og politibåten Kjølen er heldigvis ein del i området vårt for tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.