Meining | 25. juni 2022

Leve Pride!

Aller helst ville vi ha heisa Pride-flagget på Rådhuset i dag.

Leve Pride!
Delar av Bjørnafjorden Ap, her på stand sommaren 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. juni 2022 09:15

Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti er rysta over det som skjedde i Oslo i går, der menneske som var ute og feira livet, fridomen og kjærleiken vart angripne.

To er døde og 19 er skadde. Endå fleire sit heime med ei frykt over kva som no skjer i samfunnet.

Dette viser tydelig at kampen for mangfaldet i samfunnet ikkje er over, og vi vil visa vår støtte og sympati i slike mørke tider.

Aller helst ville vi ha heisa Pride-flagget på Rådhuset i dag, så det kunne svaia stolt i vinden.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) løfta flaggsaka i tidligare Os kommune, og då flaggreglementet kom opp i Bjørnafjorden kommunen, men fekk ikkje fleirtal.

I ly av det som skjedde i går vil vi i Ap nok ein gong løfta inn sak til kommunestyret om å endre lokalt flaggreglementet slik at vi får lov til å heisa Pride-flagget og feira mangfald og kjærleik i Bjørnafjorden - sjølv utan eige arrangement.

Vi håpar òg at vi til neste år får eit Pride-arrangement i kommunen, og at alle bjørnafjordingar får sjansen til å visa si støtte!

Vi vil jobba vidare for at Bjørnafjorden skal vera ein inkluderande kommune med rom og fellesskap for alle.

Ingen skal måtta frykta for livet på grunn av kven dei er.

Leve kjærleiken, leve mangfoldet. Leve Pride!

Bjørnafjorden Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.