Anna Martine Særvold Mjånes fekk sin første kamp for damelaget laurdag (foto: Andris Hamre)

Leverte bra i debuten

Anna Martine Særvold Mjånes (16) greide seg bra i 2. divisjon.

Av: Andris Hamre

Handballdamene til Os tok laurdag ettermiddag imot Nit/Hak til seriekamp heime i Oshallen. På heimelaget fekk seksten år gamle Anna Martine Særvold Mjånes debuten i 2. divisjon. Og ho greidde seg bra, mellom anna med tøffe taklingar i forsvar.

– Anna gjorde det veldig bra i dag. Eg er godt nøgd med hennar innsats, oppsummerte Os-trenar Gitte Torp etter kampen.

Feiler for mykje

Like nøgd var ikkje Torp av sjølve kampen.

– Vi gjer alt for mykje feil i angrep. Det var ikkje mange mål dei fekk etter etablert angrep i andre omgangen i dag, oppsummerte Torp.

Og det hadde ho heilt rett i. I løpet av dei første åtte minutta gjekk Nit/Hak frå å leie 11-18 til pause til å leie 11-25 og samtlege mål kom på kontringar. Faktisk gjekk det heile tretten minutt før Os skåra sitt første mål i omgangen.

Os - Nit/Hak 15-35 (11-18)
Utv: Os 2 x2 min, Nit/Hak 1x2 min
Os sitt lag: Hilde Kristine Røttingen, Liv Pauline Lunde, Line Hjelle Berentsen 3, Tiril Grønvigh, Elise Hjelle, Irmelin Lund, Thiet Dang 3, Marie Henriksen Håland, Nora Berge 2, Emma Sælen Lyssand 2, Anna Martine Særvold Mjånes, Mia Torp Nielsen 5.

– Eg tykkjer vi gjer ein god første omgang i dag. Det første kvarteret er litt rotete, men det siste står vi godt, spesielt i forsvar. Vi står eigentleg bra bakover når vi får lov å stå forsvar, men skal vi det så kan vi ikkje kaste bort ballen så mykje som vi gjer.

Os har att tre kamper og kan framleis redda plassen i 2. divisjon og får ein nøkkelkamp heime mot Bjørnar 20. mars. Bjørnar ligg nemleg på den siste sikre plassen med same poengsum som Os, men med ein kamp mindre spelt.

Sjå tabellen