Lokal | 12. jan. 2016

Ligg til tørk

Kvalen som blei funnen på Storum ligg no til tørk hos Naturhistorisk avdeling ved Universitetet i Bergen.

Ligg til tørk
Her ligg kvalbeina til tørt hos naturhistorisk avdeling. (Foto: Anne Karin Hufthammer)
Cathrin Valestrandtirsdag 12. jan. 2016 13:45

Førsteamanuensis i naturhistorisk avdeling ved UiB, Anne Karin Hufthammer, har følgt kvalen sidan han vart avdekt på Storum i samband med utvidinga av Lepsøyvegen. Sidan han forlet Os har det ikkje skjedd så mykje.

– Han ligg til tørk utanfor fryselageret vårt, fortel Hufthammer.

Les òg: Fann gigantiske beinrestar på Storum

Biologisk inspeksjon

Hufthammar fortel at ein biolog frå biologisk institutt ville kome å sjå på kvalskjelettet før det vart reinsa.

– Han har ikkje vore her enno, men eg har sett ein frist i neste veke. Kvalen er ferdig tørka no. Han må tørka over lang tid slik at ikkje beinrestane sprekk. Det er jo spennande å sjå kva fauna og miljø vi kan finna rundt eit slikt skjelett. Men i neste veke er planen å starta med reinsing av beinrestane, og då vil vi børsta beina reine. I dette arbeidet vil Hufthammer få med seg John-Inge Svendsen, geolog og professor ved institutt for geovitenskap.

Kuldesjokk

– Det veks mykje rur på skjelettet, men i holromma kan vi gjerne finna andre restar av bein og fisk. Når vi er ferdige med reinse-prosessen vert skjelettet lagt i frysaren i tre døgn på –32 grader. Dette er for å få fjerna bakteriar og andre ulumskheiter som vi ikkje vil forureina magasina våre med, forklarar Hufthammer.

Datering

Etter frysebehandlinga vert beina tekne ut av frysaren og merkte. Deretter vert det teke prøvar, mellom anna til C14datering. Desse prøvane blir tekne både av segmentet og sjølve beina.

– Under merkinga av beina vert restane også undersøkte for å sjå etter kva som er nye og gamle brot og skadar.

Til slutt i prosessen håpar Hufthammar å få ut ein publikasjon om kvalen. Tidspunktet for denne avheng mellom anna av kortid prøvesvara kjem attende, men ho håpar å kanskje få laga artiklar til publisering i løpet av våren.

Standsmessig

Ved nyopninga av naturhistorisk museum har Hufthammer ein plan om at Storum-kvalen skal få sin standsmessige plass.

– Vi håpar, og har ein plan om, at skjelettet skal få sin plass i kvalsalen som eit av skjeletta i utstillinga der. Bakre del av kroppen er borte, men vi håpar å kunne erstatta dei manglande beina med stenger for å illustrera korleis den har sett ut, seier Hufthammer.

Les òg: Fleire funn på Storum: Her er hovudet på kvalen

Ros for samarbeid

Hufthammer ynskjer dessutan å rosa dei involverte i samband med funnet i haust.

– Både gravemaskinføraren, entreprenøren og vegkontoret har vore svært samarbeidsvillige og ikkje minst velvillige i prosessen kring funnet. Normalt har vi store kostnader berre knytt til transport av slike store beinrestar, men i denne saka har vi knapt nok fått rekning på drivstoffet. Dei har verkeleg vore velvillige midt i alt dette, avsluttar Hufthammer som gler seg til å koma vidare i prosessen med kvalen frå Storum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.