Likestilling i Os og Fusa

Her er forskjellane på utdanning, jobb og løn i komande Bjørnafjorden kommune.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Forskjellen mellom menn og kvinner sitt utdanningsnivå blir større år for år, skriv SSB i ein rapport i dag.

Høgare utdanning blir stadig viktigare for å få innpass i arbeidslivet, og det er viktig for inntekt og karrieremoglegheiter.

I fleire norske kommunar er andelen høgt utdanna kvinner meir enn dobbelt så stor som andelen menn, særleg i dei tre fylka lengst nord.

Vi har henta ut tal for Os og Fusa, som om eitt år saman utgjer Bjørnafjorden kommune.

• Les òg: Bjørnafjorden kommune i tal

Tala viser at Fusa ikkje er langt unna utdannings-forskjellane i enkelte kommunar i Finnmark. Samtidig er andelen kvinner i jobb høgare i Fusa enn i Os. Det er òg andelen barn i barnehagar.

Andel menn med høgare utdanning (prosent)
Os: 25,8
Fusa: 18,2

Andel kvinner med høgare utdanning (prosent)
Os: 34,6
Fusa: 30,6

Andel menn (20-66 år) i arbeidsstyrken (prosent)
Os: 82,2
Fusa: 81,3

Andel kvinner (20-66 år) i arbeidsstyrken (prosent)
Os: 75,3
Fusa: 79,0

Gjennomsnittlig bruttoinntekt, menn (kr)
Os: 552.200
Fusa: 543.400

Gjennomsnittlig bruttoinntekt, kvinner (kr)
Os: 359.800
Fusa: 340.300

Andel sysselsette menn (20-66 år) som jobber deltid (prosent)
Os: 9,8
Fusa: 8

Andel sysselsette kvinner (20-66 år) som jobber deltid (prosent)
Os: 41,3
Fusa: 48,7

Andel barn 1-5 år i barnehage (prosent)
Os: 88,4
Fusa: 97,9

Andel fedre som tar heile fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden
Os: 73,5
Fusa: 79,6

Andel kvinner blant kommunestyrerepresentantar (prosent)
Os: 31,4
Fusa: 28,6

Fleire saker