Lindeberg inn i styret for NKN
Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg er vald inn i styret for Norsk Kulturhusnettverk (NKN).
På eit møte i Norsk Kulturhusnettverk (NKN) i Trondheim tidlegare denne veka blei Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg vald inn som nytt styremedlem i organisasjonen.
– Norsk Kulturhusnettverk er ein fantastisk arena kor vi saman kan vidareutvikle kulturhusa sin rolle i det norske kulturlivet. At Oseana kan bidra til dette ved å vera representert i styret er særs gledeleg, seier Lindeberg i ei pressemelding.
126 kulturhus, 13,6 millionar besøk
NKN organiserer i dag 126 kulturhus over heile landet frå Longyearbyen i nord til Lyngdal i sør. Omlag kvar tredje kommune i Noreg har eit kulturhus som er medlem i nettverket.
Totalt vitja heile 13,6 millionar menneskje dei ulike kulturhusa i 2016. I styret for NKN sit:
Rolf-Cato Raade, direktør for Stormen Konserthus (leiar)
Anne M Rasmussen, dagleg leiar for Arendal Kulturhus
Marit Glomstad, sals- og marknadssjef i Olavshallen
Andreas Gilhuus, dagleg leiar for Bølgen Kulturhus
Ole Tobias Lindeberg, direktør for Oseana Kunst & Kultursenter