Fotball | 16. sep. 2022

Linnea matchvinnar då Norge slo Sverige

Linnea Sælen skåra viktig mål før Sverige reduserte.

Dagens startellevar mot Sverige. Linnea Sælen på nedre rekke med nr 13. (Foto: NFF/Karin Larsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. sep. 2022 13:09

Arna-Bjørnar-spelar Linnea Sælen spelte i dag sin tiande kamp for jenter 16-landslaget.

Kampen, som er del av ope nordisk meisterskap, gjekk heime mot Sverige.

Linnea spelte frå start og 83 av 90 minutt.

Ida Emilie Heggem Warvik sendte Norge i 1-0-leiing i 53. minutt etter å havunne ballen frå forsvaret som snappa eit innlegg frå Sælen.

Fem minutt seinare var det Linnea sin tur.

Linnea har spelt to landskampar på heimebane denne veka. (Foto: Privat)

Norge storma i angrep og søftelendingen storma oppover venstrevingen, fekk ei fin langpasning av Warvik og fyrte av rett innanfor 16-meteren.

2-0 i 58.minutt!

Sverige reduserte til 2-1 i 80. minutt, ei stilling som sto seg kampen ut.

Linnea spelte også mot Danmark måndag.

Ho kom innpå i 56. minutt, og fann nettmaskene også i denne kampen.

Men skåringa blei annulert for offside, ei avgjerd som på video ikkje er lett å seia om var korrekt eller ikkje.

Kampen mot Danmark enda 1-1.

Dette var dei siste landskampane før EM-kvalifiseringa i oktober.

Då går turen til Ungarn, der Norge skal møta vertslandet, Tsjekkia og Bosnia-Hercegovina.

Mens Linnea ventar i spenning på uttaket, står den norsk Toppserien for tur.

Neste kamp går borte mot LSK Kvinner søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.