Linnea Sælen debuterte i Bundesligaen i går
Fekk sine første minutt på øvste nivå i Tyskland.


Linnea Sælen, som blei tatt opp i A-troppen til VfL Wolfsburg for to veker sidan, fekk måndag 2. februar sine første minutt i Bundesligaen.
– Eg hadde ikkje trudd det, på stillinga 2-1, og med U23-kamp dagen før, men det var veldig kjekt å sjå at ho fekk koma innpå! seier pappa Tommy Sælen.
– Det blei ikkje mange minutt før kampen var over, men det er ein start.
Han prata med ho etter kampen.
– Ho er sjølvsagt veldig glad.
Kampen er ikkje einaste positive merksemd Linnea har fått dei siste dagane.
Søndag publiserte den tyske lokal-TV-kanalen «Hallo Niedersachsen» eit intervju med dei to norske venninnene, Linnea og Anny Kerim-Lindland, om deira veg inn i A-troppen.
Etter det Midtsiden kjenner til har kanalen 400.000 sjåarar.
Fleire norske på bane og benk
VfL Wolfsburg, som ligg på 2. plass i Bundesligaen, spelte i går mot FC Köln, som i dag ligg på 8. plass, men berre fire poeng frå 3. plass.
Wolfsburg gjekk opp i 2-1 i 68. minutt.
Linnea kom inn for Svenja Huth på overtid, og fekk rundt tre minutt på banen.
Norske Thea Bjelde, som kom innpå i 61. minutt, var då på banen.
VfL Wolfsburg tok leiinga i 4. minutt, Köln utlikna ved sjølvmål i 22. I 68. minutt skåra Lineth Beerensteyn sitt andre.
Kampen enda 2-1.
- Les Wolfsburg si oppsummering av kampen.
Tomålsskårar Beerensteyn blei erstatta av norske Justine Kielland i 83. minutt.
Den tredje norske av dei etablerte i A-troppen, Guro Bergsvand, var ubrukt reserve. Det same var Linnea si venninne frå U23, Anny Kerim-Lindland.
Tett program
Linnea har spelt for A-laget før, men det var i cupen.
Då, på femten minutt (frå 65. til 80.), var ho involvert i fire mål: éi skåring, to assist og tredje siste på ballen på eitt av dei siste måla i kampen.
Det enda med 11-0-siger over FC Viktoria Berlin.
No er det tøffare konkurranse, rundt halvvegs i serien.
– Dei neste 17 dagane har A-laget heile fem kampar. I utgangspunktet skal jo Linnea og Anny spela for U23 mens dei har treningskvardagen sin med A-laget, men kanskje blir det fleire minutt i vekene som kjem, seier pappa Sælen spent.





