Lokal | 03. sep. 2011

Liv på Øyro – ein visjon

LESARINNLEGG, Terje Søviknes (Frp): I 2003 lanserte vi skisser for Os hamn. I dag er visjonane realisert. Her er tankar om Osøyro.

Liv på Øyro – ein visjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. sep. 2011 14:20

I 2003-valkampen lanserte Fremskrittspartiet sine visjonar for Os hamn. I dag er visjonane realisert i form av Oseana, Vindu mot fjorden og Os Sjøfront. Likskapen med 2003-skissa er slåande. Det har vore ei fantastisk utvikling!

No lanserer vi nye skisser for vidare utvikling av Osøyro. Alle er samde om at noko må gjerast for å skapa meir liv i sentrumskjernen på Øyro. Vi trur det må gjerast store grep, og inviterer med dette grunneigarar, handelsstanden og osingar flest til ein storstilt dugnad for Osøyro.

I dette prosjektet har vi skissert tre konkrete idear.

1. Haugsnesfjero m/sentrumsstrand

Arealet utanfor Vindu mot fjorden har eit stort potensiale. Gjeldande reguleringsplanen syner badestrand, båthamn, bølgjedempar og nokre naust/hytter. Vi meiner arealet har eit enda større potensiale, og ser for oss ei mindre utfylling innanfor moloen slik at vi kan få etablert ein allplass for Os. Denne kan nyttast til bubilparkering meste parten av året, - noko mange saknar på Os.

Sandefjord kommune har hatt stor suksess med eit slikt tilbod i sentrum. Ved spesielle høve, t.d. Skulptursymposiet, kan området også nytast som kulturarena.

Saman med opprustinga av Mobergsvikjo vil dette gje Osøyro friluftsområde som få andre tettstader kan måla seg med!

2. Kafè Torget

Sentrumskjernen m/Torget treng ein skikkeleg opprusting. I dag er området kaldt og øde - vi må skapa ein hyggeleg atmosfære som inviterar folk flest til å opphalda seg i sentrum. Vi må sjå på heile torgområdet med nye augo, og vurdera trafikkmønster, miljøgate og skapa eit sentrum meir på dei gåande sine premissar. Vi har lagt inn ein sentral møteplass i form av Kafè Torget m/uteservering under glastak, glastak på fortaua, turistinfo og toalett. Eit sentralt element er også lekerom og lekeplass for ungar. Oppgraderinga av Telthusplassen kan tena som inspirasjon for resten av Torget.

3. Os Park

Parkering har lenge vore eit tema i Os. Parkeringsanalysen for Osøyro konkluderar med at alternativet med parkeringsdekke under grusbanen v/Os ungdomsskule er det beste alternativet. Med eitt dekke kan parkeringsanlegget romme ca xxx bilar, og vi kan leggja eit spannande parkanlegg m/kunstgrasbane på toppen. Gateløpet inn mot Torget må også rustast opp med fortau, gatelys, bymøblar og grønt.

Alle tiltaka over krev dugnadsånd. Kommunen, grunneigarane og næringslivet må samarbeida om å realisera visjonane gjennom eit Offentleg-Privat-Samarbeid. Dei endelege løysingane treng heller ikkje bli akkurat som vi skisserar det her, men dette er i alle fall eit utgangspunkt for å berga Osøyro som handelsstad!

Vi trur også det er viktig at vi får lagt til rette for at fleire kan bu i sentrumskjernen. Busetnad vil generera aktivitet både på dagtid, ettermiddag og kveld. Sentrumsplanen for Osøyro og fleire reguleringsplanar legg opp til flotte bustadprosjekt i sentrum; - seniorbustader v/Os Eldresenter, reguleringsplanen ”Livet langs linjo” frå rundkøyringa til Fjellheim, Oshjørnet og andre bustadprosjekt i eksisterande bygnadsmasse.

Skal vi lukkast må vi også opna oss mot Oselvo, - og laga gode gangvegar opp langs elvebredda. Kryssing av elveosen der ”Tyskerbrua” gjekk i si tid må òg vurderast. Likeeins må grunneigar i sentrumskjerne utvikla sine eigedommar. Dei må samordna seg, og tora satsa,. Dei må investera i framtida!

I fellesskap kan vi skapa ”Liv på Øyro” – det er vårt ansvar.

Vil du vera med på laget?

Gje oss sjansen til å realisera visjonane - stem Fremskrittspartiet 12. september!

Terje Søviknes
Os Fremskrittsparti


.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.