Lokal | 22. jan. 2019

Livsviktig kurs som valfag

Os Røde Kors har no kursa 26 elevar ved Os ungdomsskule i grunnleggande førstehjelp.

Livsviktig kurs som valfag
– Bruk det du har. Ivar Nilsen frå Os Røde Kors saman med to friluftsinteresserte åttandeklassingar ved Os ungdomsskule. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 22. jan. 2019 20:26

Bildeserie:

Desse tre hadde kurset i dag. F.v. Kristian Strønen, Ivar Nilsen og Morten Lillegraven. (Foto: KOG)
Desse tre hadde kurset i dag. F.v. Kristian Strønen, Ivar Nilsen og Morten Lillegraven. (Foto: KOG)
Mathilde Taavik og Hanna Natvik fortel om eit spanande valgfag, og eitt viktig kurs i førstehjelp. (Foto: KOG)
Mathilde Taavik og Hanna Natvik fortel om eit spanande valgfag, og eitt viktig kurs i førstehjelp. (Foto: KOG)
- Du skal kjenna den siste knuten. (Foto: KOG)
- Du skal kjenna den siste knuten. (Foto: KOG)
Jonas Mandal har nettopp stabilisert armen til Styrkar H. Lynsson. Ivar Nilsen kjem med konstruktiv kritikk. (Foto: KOG)
Jonas Mandal har nettopp stabilisert armen til Styrkar H. Lynsson. Ivar Nilsen kjem med konstruktiv kritikk. (Foto: KOG)
1 av 4

I fjor haust var Os Røde Kors på Os ungdomsskule for å kursa heile staben i livreddande førstehjelp.

I dag var det avslutning, og utdeling av kursbevis til 26 åttandeklassingar.

Populært valfag

Natur- miljø og friluftsliv er eitt av fleire valfag ved skulen.

Bjørn Tore Eriksen og Merete Kleppe, som er lærarane i valfaget, tok initiativet til førstehjelpskurset.

– Dette valfaget er veldig populært, og det er tydeleg at elevane finn kurset til Os Røde Kors interessant. Elevane tek aktivt del i undervisninga, og dei spør gode spørsmål attende til kurshaldaren. Vi har allereie vore på klatrekurs, på skytebane og på jakt med elevane, så dei får verkeleg mykje ulikt fagleg påfyll med friluftsliv no som eit eige valfag.

– Etter kurset med Os Røde Kors, er det naturfoto med Oddmund Lunde som står på læreplanen.

Engasjerte elevar

Beredskaps- og kursansvarleg hos Os Røde Kors, Kristian Strønen, fortel at kurset har gått over over to dobbeltimar - ei runde førre veke, og siste runde i dag. Etter kurset får alle elevane eit bevis som fortel at dei har gjennomgått eit 4-timars kurs i grunnleggjande førstehjelp.

– Vi har skreddarsydd kurset slik at det i størst mogleg grad fokuserer på situasjonar som kan oppstå i samband med friluftsliv. Elevane får teori og praktisk innføring i varsling- og eigensikkerhet, pasientundersøking, frie luftvegar og sideleie, hjarte og lungeredning - med bruk av hjertestartar, korleis handtera krampar, brot, nedkjøling, forfrysning og forgiftning - og vel så viktig; korleis visa omsorg og støtte til ein person som har skada seg.

– I staden for at vi skal stå framme ved tavla og visa fram plansjar og biltete, legg vi opp til at elevane skal få prøva så mykje som mogleg sjølv. Det er ikkje alle som er like klare for rollespela våre, men etterkvart som vi får dei «varm trøya», ser vi engasjerte og flinke ungdommar.

– Då vi kursa dei på bruk av hjartestartar måtte elevane sjølv varsla kvarandre når dei fann ein «livlaus» person i gangen. Det er ingen som veit korleis dei vil reagera om dei kjem opp i ein situasjon kor dei må utføra livreddande førstehjelp, men med å gjera det så ekte og realistisk som mogleg, er vi vi med og legg eit grunnlag for korleis dei eventuelt vil handtera ei slik situasjon, fortel Strønen.

Spjelking med paraply og linjal

Med teorien på plass går åttandeklassinga i gang med å stoppa blødningar med trekant-tørkleet dei har lært er gull verdt å ha med i sekken.

Dei spjelkar på beinbrot med ting dei finn i klasserommet; paraplyar, linjalar og kosteskaft gjer jobben.

– Dette er kjekkare enn å sitja framfor Chromebooka!

Hanna Natvik og Mathilde Taavik fortel at dei tykkjer førstehjelpskurset er spanande og bra;

– Vi har hatt litt førstehjelp på svømminga, men det er kjekt å få læra endå meir her. Sjølvsagt håpar vi å ikkje måtte bruka noko av det vi har lært, men det er godt å veta at vi no kan meir om førstehjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.