Ljubovic matchvinnar då Lysekloster snudde kampen
Lysekloster har vunne 6 av dei 7 siste kampane før ferien.
Førre helg slo dei Fyllingsdalen 0-3 på bortebane, i dag tok Lysekloster sin fjerde siger på rad, siger nummer 6 på dei 7 siste kampane.
– Det er første gong med meg som trenar at vi vinn siste kamp før ferien, så dette var kjekt, seier trenar Ruben Hetlevik.
Men ingenting kjem gratis, heller ikkje i dag.
Vestfossen, som ligg på 12. plass av dei 14 laga i avdelinga, gjekk i føringa i 16. minutt. Vertane klarte ikkje å skåra før i andre omgang.
– Vi hadde ein veldig svak start på kampen gjorde mange unødvendige feil og framsto som ukonsentrerte. Det er mogleg at gutane tok lett på denne kampen, men vi kan ikkje venta oss ein einaste lett kamp i denne avdelinga, seier Ruben.
Lysekloster - Vestfossen 4-1 (0-1)
Målskårarar, Lysekloster: Joachim Westrheim, Denis Ljubovic, Eskild Båsen og Even Vetås.
Westrheim utlikna i 52. minutt, Ljubovic sendte heimelaget i føringa i 83. minutt, innbytar Båsen og Even Vetås skåra begge på overtid.
– Andre omgang var godkjent. Nesten kvart angrep enda med ein sjanse, eg er nøgd måten vi løfta oss på etter ein ferieprega førsteomgang, seier Hetlevik.
Lysekloster tar ferie på 4. plass på tabellen med 22 poeng.
Dette er 5 bak både Djerv 1919 og Vard Haugesund på 1. og 2. plass.
Fana, som spelte 3-3 mot Sogndal 2 i dag, ligg på 3. plass med 24 poeng.
Lysekloster startar haustsesongen borte mot Sogndal 2.