Lokal | 26. aug. 2015

Lokka ungar med is og sjokolade

Politiet ber om tips etter at fleire barneskuleelevar blei forsøkt lokka inn i ein bil på Kuventræ etter skuletid onsdag.

Lokka ungar med is og sjokolade
Politiet dreiv søk på og rundt Kuventræ i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2015 16:31

Onsdag i 12.30-tida skal to skulejenter ha fått tilbod om sjokolade frå ein mann som sat på ein stein ved parkeringsplassen mellom Kuventræ barneskule og Osbadet.

– Han skal ha sagt at han hadde meir sjokolade i bilen, men jentene takka heldigvis nei og gjekk frå staden, seier far til ei av jentene til Midtsiden.

Då han ringte politiet klokka 13.50 hadde dei allereie ein patrulje ute for å leita etter vedkomande.

– Vi fekk melding klokka 13.20 frå foreldra til nokre gutar som hadde opplevd noko liknande, opplyser politiet.

– Nokre menn i ein bil spurde om gutane ville ha is. Dei kunne også få lov å spela på mobiltelefonane deira, fortel vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.

Fleire vaksne på plassen

I bilen sat det fleire menn. Jentene som fekk tilbod om sjokolade fortel at det var fleire vaksne på staden, blant anna ei kvinne.

Mannen hadde skjegg, men var ganske ung. Politiet har få signalement på mannen utover det.

– Patruljen møtte ingen. Om nokon har tips i saka kan dei kontakta oss på 48002480.

Rekor ved Kuventræ barneskule, Olav Røttingen, seier han blei varsla av ein av foreldra.

– Eg har inntrykk av at gutane og jentene gjekk ganske samla og at episoden skjedde nær klubbhuset på Kuventræ.

Røttingen snakka med personalet på Osbadet, som ikkje hadde observert noko.

– Eg håper det er ei misforståing, at nokon ikkje har tenkt seg om, men vi tar uansett dette på alvor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.