Næringsliv | 06. juli 2016

Loops har kjøpt nabolokalet

Reklamebyrået Loops får dobbelt så stor plass i Telthuskvartalet i Os sentrum.

Loops har kjøpt nabolokalet
Hovudaksjonærane i Loops AS, Joachim Nøkleby og Kåre Mongstad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2016 11:09

Bildeserie:

Produksjonsavdelinga blir i haust flytta til større lokale i nabobygget. (Foto: KVB)
Produksjonsavdelinga blir i haust flytta til større lokale i nabobygget. (Foto: KVB)
Frå før eig Sloops bygget til høgre, no har dei kjøpt etasjen over T Moberg Sko. (Foto: KVB)
Frå før eig Sloops bygget til høgre, no har dei kjøpt etasjen over T Moberg Sko. (Foto: KVB)
1 av 2
Produksjonsavdelinga blir i haust flytta til større lokale i nabobygget. (Foto: KVB)
Frå før eig Sloops bygget til høgre, no har dei kjøpt etasjen over T Moberg Sko. (Foto: KVB)

Loops AS er inne i sitt femte heile driftsår. I 2013 kjøpte dei bygget dei er leigetakar i, med selskapet Sloop Eiendom AS, der dei leiger ut til herremotebutikken Instinct på gateplan og seg sjølv i øvste etasje.

No har dei òg kjøpt andreetasjen i nabobygget, der T Moberg Sko held til på gateplan. Seljar er Lars Søfteland.

– Bygget vi har frå før er 2 x 150 kvadratmeter, der vi bruker 150 av desse. No har vi fått nye 225 kvadratmeter, fortel dagleg leiar Joachim Nøkleby.

Etasjen skal totalrenoverast i vekene som kjem. Loops skal bruka drygt halvparten av det nye lokalet sjølv, og får 4-5 kontor å leiga ut.

– Det er leigetakar der frå før, og desse får naturlegvis bli verande om dei vil.

Meir effektiv produksjon

Hovudaksjonærane i Loop, Joachim Nøkleby og Kåre Mongstad (eig 40 prosent kvar), er glade for at dei fekk sjanse til å utvida i Os sentrum.

– Då vi kjøpte den første eigedomen, i 2013, så var det fordi at arvingane av eigar (Ratis Holding AS) ville selja og vi fann ut at vi like gjerne kunne eiga. Vi ønskjer uansett å vera i Os sentrum, å vera lett tilgjengeleg og tett på ein del av kundane.

– Denne gong var det vi som var på jakt etter å kjøpa. Vi har eigen produksjonsavdeling og leverer mykje bil-dekor og skilt, og hadde behov for utvida plass for meir effektiv produksjon.

– Alternativet var å flytta denne til ein annan plass, men vi ønskja jo helst å ha alt samla, seier Mongstad.

Den einaste eksterne avdelinga dei har i dag er ein monteringsgarasje for bil-dekor i Hegglandsdalen.

Utvider med fleire tilsette

Loops har fire tilsette, grafisk designer May Linn Vågen og produksjonsleiar Per-Arvid Hansen jobbar saman med Nøkleby og Mongstad.

– Vi held på å tilsetja éin til i produksjonen og håper denne er på plass i august. Held det fram som no så reknar vi med å tilsetja ein til utover hausten, men det blir innan design.

Reklamebyrået har vakse kvart år sidan start, og held fram med å veksa.

– Vi har lagt vekt på tett kundeoppfølging, og ikkje mista éin kunde til no. Både små og store kundar kan få behov for fleire nye grafiske tenester frå år til år, frå heimeside og andre digitale tenester til skilt og annan dekor.

– Spesielt dei litt større kundane, der vi er inne med rådgjeving og har meir kontinuerleg dialog, er kundar som handlar jamt år etter år. Den eine har vi allereie dekorert 50 bilar for til no, fortel Nøkleby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.