Lokal | 12. aug. 2016

Lot seg ikkje stoppe

Tjuveriet frå Os Turlag sitt depot på Tøsdalsfjellet stoppa ikkje dei ivrige pensjonistane. Torsdag blei det bro.

Lot seg ikkje stoppe
8 timars arbeid gav ny bro og trapp over blautmyrene på Tøsdalsfjellet (foto: Os Turlag)
Andris Hamrefredag 12. aug. 2016 10:37

Onsdag skreiv vi om det frekke tjuveriet frå Os Turlag sitt utstyrsdepot på Tøsdalsfjellet. Uvedkommande hadde stole det som var av skruar i depotet.

Men den ivrige dugnadsgjengen i turlaget, som gjer det enklare og betre for deg og meg å ferdast i den vakre Os-naturen lot seg ikkje knekka av litt motgang.

– Nye skruvar blei innkjøpt og fordelt i sekkane til dei åtte ustoppelege pensjonistane som stilte på Tøsdal i dag, skriv turlaget på facebooksida si.

– Det var tungt å komme seg opp til Linken, men alle klarte det i dag også. Vidare innover gjekk det lettere og vi gjekk lystig igang med bygging av trapp og broer over blautmyrene. Litt styggsnakk om den/dei som hadde stole skruane våre måtte til, men ellers var stemningen på topp og vi blei nesten ferdige på det inste området, heiter det i rapporten.

Den ivrige dugnadsgjengen satser på at vêrgudane er med dei neste veke òg. Då skal det bli mykje gjort oppe på Tøsdalsfjellet lovar dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.