Kultur | 31. jan. 2018

Lover HVM-musikk på jukeboxen

Tor Endresen lover at det også blir «Hver gang vi møtes» på Jukeboxen i Oseana i april.

Lover HVM-musikk på jukeboxen
Tor Endresen lovar «Hver gang vi møtes»-musikk når han, Rune Larsen og Katrine Moholt kjem til Oseana i april (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 31. jan. 2018 07:08

I desse dager er Tor Endresen aktuell med «Hver gang vi møtes» på TV 2 samman med mellom anna Madcon-Tshawe, Tone Damli og Silya Nymoen.

– Det var ei veldig kjekk innspeling, og det blir nok ein del av den musikken også når Rune Larsen, Katrine Moholt og eg kjem med Jukebox til Oseana i april, seier Endresen til Midtsiden.

Møttest i TV-resepsjon

Showet er mykje basert på konseptet Endresen og Larsen hadde på slutten av 80-talet og byrjinga på 90-talet då dei herja med ein av dei største TV-suksessane i Noreg «Lollipop».

– Rune og eg har jo 50- og 60-talet sin musikk med oss i botn og det blir ein god del av det, men eit show skal jo både vera gjenkjenning og overraskingar, så det blir litt av båe deler.

– I tillegg er det jo gøy å ha med seg ei leading lady. Katrine møtte vi i ein TV-resepsjon på austlandet då ho kom bort løpande bort til oss og sa "Jeg er så fan av dere", hermer Endresen på dårlig Nannestad-dialekt.

– Rune svarte at det måtte ho vera alt for ung til, men ho har jo vist at ho både liker og behersker musikken frå 50- og 60-talet. I tillegg er ho ein fantastisk bra Prøysen-tolkar.

– Katrine har vore gjest hos oss tidlegare og så er det jo greitt å ha med seg dronninga av allsang på laget. Det blir ein del allsang når vi drar i gang, ler han.

Ønskjelåter

Berre omlag halvparten av låtene i showet er planlagt no. Resten er det publikum som skal stemme fram.

– Då går ein på ei side Stageway har oppretta. Der kan ein velgje kva låt ein vil høyre, så plukker vi dei låtene som har fått flest stemmer.

– Om nokon også har ei spesiell historie knytt til låta, så høyrer vi gjerne om det også. Det kan jo vera at den blir med på scenen også, seier Endresen som legg til at konserten i Oseana er den einaste i Bergensområdet denne våren.

– Vi skal rett nok feire Rune sin 70-årsdag i Grieghallen seinare i år, men på denne turneen er det einaste showet her i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.