Løyar utover dagen
Varslar full storm i kasta, men vinden skal løya utover ettermiddagen.
Torsdag morgon bles det allereie godt rundt hushjørna på Osøyro, og verre skal det bli utover dagen.
Meterologisk institutt sendte onsdag ut OBS-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane:
«I morgen, torsdag, ventes søraustlig liten storm utsatte steder, full storm i områder nord for Bergen. Det ventes perioder med sterke vindkast 28 m/s. I morgen, torsdag ventes lokalt mye nedbør, 30-40 mm på 24 timer, og nord for Nordfjord 50-70 mm på 24 timer. I morgen, torsdag, vil kraftig vind, snø og snøfokk gi vanskelige kjøreforhold i fjellet. I morgen, torsdag, ventes også stor snøskredfare.»
I følgje yr.no ventar ein seg stiv kuling i torsdag fram til i 12-13 då det løyar noko og vinden går ned til liten kuling og etterkvart frisk bris. Regnet skal etterkvart også gje seg og vi får ein relativt fin start på fredagen med opphald og gløtt av sol.
Kor mykje bles det?
For å angi kor sterk vinden er nyttar ein gjerne Beaufortskala. Denne har klassifisert vindstyrke som nedanfor:
Liten kuling = 10,8 - 13,8 m/s (22 - 27 knop)
Stiv kuling = 13,9 - 17,1 m/s (28 - 33 knop)
Sterk kuling = 17,2 - 20,7 m/s (34- 40 knop)
Liten storm = 20,8 - 24,4 m/s (41 - 47 knop)
Full storm = 24,5 - 28,4 m/s (48 - 55 knop)
Sterk storm = 28,5 - 32,6 m/s (56 - 63 knop)
Første trinn av orkan = 32,7 m/s og over (64 knop og over).
Kjelde: www.verogvind.net
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.