Luftig snøutfordring
Det var lett å kåra beste osing i Os Snow Challange. I dei andre klassane var konkurransen hardare.
Bildeserie:
I går blei Os Snow Challange arrangert, for tredje år på rad, denne gong i Myrkdalen.
– Det var litt skya først på dagen, men så letta det og blei like fint som om laurdagen, fortel arrangør Arne Veim Haugland.
Stiller du opp så har du slått mange ...
Konkurransen hadde 11 deltakarar. Kampen om å bli beste osing var ikkje så hard, Tord Eiken er så god at han skremte andre frå å delta.
– Tord var einaste osing og vann ein fin Daniel Franck-jakke som beste osing.
Landinga er også viktig
På ski var det Erik Tangenes som stakk av med førsteplassen. Tangenes er frå Bergen, men går på gymnas på Voss.
– Mads Bjørndal hadde nok det tøffaste hoppet, noko som likna ein flatspin. Men landinga var det verre med, så det blei ikkje eit vinnarhopp.
Stor supermann
I klassen for snowboard var det finske Vitir Helgason som var sprekast.
– Han hadde ein stor superman-frontflip, mykje større enn den vi fekk bilde av, og vann suverent, seier Veim Haugland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.