Kultur | 14. mars 2016

Lyden av Os?

Kjetil Osablod Grønvigh, leiar i Os Rockeklubb, melder Aurora sitt debutalbum for Midtsiden: – You go, girl!!!

Lyden av Os?
AURORA - «All My Demons Greeting Me As A Friend» (Glassnote Music)
Andris Hamremandag 14. mars 2016 12:28

AURORA - «All My Demons Greeting Me As A Friend»

Eg er kjend for å vera ein hard mann. Ikkje kjenslemessig, men på musikkfronten. Topp ei piggtrådbefengt platesamling med eit aukande tal tatoveringar, og ei platemelding av Aurora sin debut frå meg er potensielt ein mismatch made in hell.

Det var med vassekte nervøsitet eg tok fatt på oppdraget; kva meir enn dei låtane me allereie kjenner frå radio, tv og konsertar har ho ermet? Å gje ut ein fullengdar er noko heilt anna enn ein enkel låt. Her skal ein halda på interessa til lyttaren heile vegen gjennom. No som vinylen er på veg fram og opp att skal du helst levera eit flott visuelt produkt og.

Meldinga mi er hovudsakleg basert på lytting med dei høgtalarane eg kjenner best; altså originalhøgtalarane i ein sleten Ford Transit frå 2004, og pc-høgtalarane på jobb. Lydofile folk der ute vil sikkert seie at eg har komplett feil utgangspunkt, men igjen; musikk let best der du oftast lyttar på musikk.

Så, kva har Aurora gjeve oss?

Eg vil nytta ordet nytt. Nytt som i eit steg fram, og hardt på skrå ut i musikkens historie. Plata er ei sonisk klin kokos reise i stemningar, lag på lag med lydar og overraskande vendingar som perler på ei snor. Dei "gamle" låtane let framleis, og om ikkje anna endå betre, no som dei vart ein del av noko endå større.

Plata er meir enn noko anna, surrealistisk bra på stemningar.

Eit augneblink mimrar eg attende til 90-talets stemning med Bel Canto, og i neste augneblink er det heile så skjørt, sakralt og vakkert at ein er redd for å pusta for høgt. Produksjonen er balsam og den mjukaste bomullen du finn for øyra. Sjå opp, eller rettare sagt; høyr opp for nye lydar kvar gong du lyttar gjennom plata.

Så, for å sjå litt vitenskapleg og forbrukarvennleg på plata. Kva kan den nyttast til?

Bilmusikk? Ja, men ikkje i ein bil med nekro lydanlegg og dårleg lydisolering.

Vorspelmusikk? Nja, det er jo ikkje akkurat karaoke-materiale dette, men på eit vorspel i ein AURORA fan-klubb, for all del.

På fest? Nei. Men det er no berre meg. Eg vert like forundra kvar gong eg er DJ ein stad, og nokon ber meg spela KYGO med argumentasjon at «alle kjem til å storma dansegolvet». Det skjer jo ikkje.

Men, som terapi for sjela, som ei avveksling og avstenging frå kvardagen er denne plata utmerkt!

Eg har sjølvsagt òg lytta til plata med gode høyretelefonar, og det er her ho kjem til sin rett. Finn du ein ledig time i kvardagen din; lås døra, slå av tv-en, trekk for gardinene, hiv deg på sofaen, plugg i, og takk av i ein time. Du er ikkje den same når du kjem attende. Plata er ikkje mindre enn eit episk eksempel på kva ei ung jente kan få til med kreativitet og integritet. Høyn det heile med eit band og eit apparat rundt henne som les henne som ei open bok, og vips; du har nettopp skrive musikkhistorie.

For dette er musikkhistorie.

Eg vil med dette avslutta samanlikningane mellom Aurora og Susanne Sundfør.

Det av respekt for dei begge. Ingen av dei fortener å verta samanlikna med kvarandre lenger. Aurora har med denne debuten sete ein ny standard for korleis noko kan låta. Det er ikkje samanliknbart med noko anna. Punktum.

Er plata lyden av Os?

Nei, det vert å dra det for langt. Men Aurora er ein av mange lydar frå Os. Nett no er ho ein av dei viktigaste og vakraste lydane frå Os. Ein kan som kjend skjæra i glas med diamant. Denne plata, med Aurora si stemme, kan du skjæra i diamant med.

Så, skal eg kasta terning eller ikkje? Dette blei den største utfordringa for meg. Ja, eg har lese meg opp på kva dei proffe meldarane skriv og kastar, både i inn- og utland, men eg får det ikkje til. Terningen trillar av bordet til stadigheit, og eg har aldri vore tilhengar av korkje terningkast eller å setja artistar i stilbåsar. Denne plata er for ny, for annleis og for bra til å setjast i system. Det er det beste komplimentet eg kan gje, resten er opp til deg som lyttar.

Av respekt for AURORA og hennar band seier eg berre "You go, girl!!!"

Kjetil Osablod Grønvigh
Musikksynsar og leiar i Os Rockeklubb

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.