Lysekloster møter Brann!
Andre runde i NM blir ein festdag i Lysefjorden.
I dag blir oppsettet for andre runde i NM publisert.
Før fotball.no har fått oppsettet ut er SK Brann ute og fortel at dei skal til Lysefjorden.
– Dette reknar eg med at gutane blir glade for, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Lysekloster spelte mot Åsane i 2016 og mot Sogndal i 2015. Kampen mot Åsane var dei nær på å vinna, kampen mot Sogndal gjekk på Kuventræ då Lysekloster heldt på å bygga ny bane.
No får dei endeleg eit Eliteserie-lag på eigen heimebane.
– Brann sto øvst på ønskjelista mi. Her kjem vi til å stilla til kamp utan press på oss, og skal prøva å spela vår type fotball så godt vi kan.
– Det kan bli ein god kamp og det blir uansett ein festdag i Framo Lysekloster idrettspark.
Kampen Lysekloster - Brann blir spelt onsdag 24. mai.
Her er dei andre kampane i runde to:
Kråkerøy - Vålerenga
Moss - Sarpsborg 08
Grorud - Elverum
Skeid - Strømsgodset
Asker - Stabæk (spilles 25. mai)
KFUM - Bærum
Strømmen - Kjelsås (spilles 25. mai)
Ull/Kisa - Alta
Nybergsund - Kongsvinger (spilles 25. mai)
Brumunddal - Lillestrøm
Raufoss - Sogndal
Mjøndalen - Kvik Halden
Ørn-Horten - Sandefjord
Pors - Odd
Arendal – Notodden (spilles 25. mai)
Jerv - Bryne
Fløy - Start
Egersund - Viking (spilles 25. mai)
Vard Haugesund - Haugesund
Lysekloster - Brann
Åsane - Fyllingsdalen
Nest-Sotra - Sandnes Ulf
Florø - Fana
Tynset - Rosenborg
Verdal - Kristiansund
Byåsen – Aalesund
Ranheim - Stjørdals-Blink
Hødd - Molde
Mosjøen - Levanger
Sortland - Bodø/Glimt
Fløya - Tromsdalen
Finnsnes - Tromsø