Lokal | 11. mai 2010

Lysekloster og Søfteland i støtet

Lysekloster vann med både førstelaget og andrelaget, Søfteland slo naboklubben Nore Neset.

Lysekloster og Søfteland i støtet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. mai 2010 13:47

Fredag tok Nore Neset, som nyleg vann ein seriekamp 14-1, imot Søfteland til lokaloppgjer. Gjestane overraska favorittane med to raske skåringar, og 2-0 heldt seg kampen ut.

- Dei spelte smart, la seg bakpå og hadde nokre gode kontringar. Vi klarte ikkje få hol på byllen, så då blei det tomålstap, seier Nore Neset-trenar Kenneth Svenningsen.

Eirik Skåtøy (0-1) og Simon Aasen (0-2) skåra Søfteland sine mål.

- Vi stilte med berre éin innbytar. Nore Neset såg ut til å ta lett på oppgåva, seier Søfteland-trenar Bjørn Mjelva.

Njardar klarte ikkje stilla lag mot Søfteland i første serierunde, så den kampen må spelast seinare. Dei andre kampane enda med 2-1 og 5-1-siger til Søfteland, som no ligg a-poeng med serieleiar (som har ein kamp meir spelt).

Nyoppretta Lysekloster 2 tapte dei to første kampane sine, men tok nyleg sin første siger med 2-0 over Fotlandsvåg.

SJÅ TABELL FOR 7. DIV. AVD. 3

Lysekloster sitt A-lag held fram med å vinna. Etter 6-1 over Hausvik i helga står dei med 9 poeng av 9 moglege.

- Det var ikkje ein spesielt god kamp. Vi speler godt i periodar, men har også parti av kampen der vi ikkje speler slik vi skal, seier Ørjan Sandal.

Desse skåra for Lysekloster: Joakim Hovden (2), Thomas Greipsland, Morten Buvik, Ottar Grønvold og Benjamin Holme.

Lysekloster toppar tabellen i 6. divisjonsavdelinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.