Fritid | 08. juni 2022

Lysøen Rundt er tilbake

Første marsj sidan 2019 - og første etter at ny båt byrja å gå.

Lysøen Rundt er tilbake
Utsiktstårnet på Lysøya tar deg 76 meter over vasskorpa. (Dronefoto: André Marton Pedersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juni 2022 07:43

I 2018 var det Lysøen Rundt for 25. gong, i 2019 var det 733 som deltok i det som også blir kalla «Lysøenmarsjen».

Ole Bulls villa er framleis stengt grunna rehabilitering, men øya er open og den nye ferja går.

Også Lysøen Rundt, som normalt finn stad første søndag etter 17. mai, blir gjennomført i år.

Lysøens venneforening og Lysekloster Idrettslag er arrangørar, og årets dato er søndag 12. juni.

– Turen er rundt fire kilometer lang og passar for alle aldrar. Deltakarane kan starta kor tid dei vil mellom klokka 09 og 15, seier Bjørn Laastad, styremedlem i Lysøens Venner.

Siste retur klokka 16

Marsjen startar og sluttar ved Gamletunet, og går på merka turvegar og stiar rundt på Lysøya.

Ulike stadar på stien er det postar med spørsmål. Det blir trekt premie på startnummer.

Skyssbåten Ole Bull har første avgang klokka 09 og siste retur frå Lysøen klokka 16. Du kan kjøpa billett til båten på nett på førehand.

Nytt i årets sesong er at det blir open kiosk på Lysøen alle dei seks vekedagane båten går, men dette gjeld frå 15. juni til 21. august.

– Under marsjen søndag blir det rigga ein provisorisk kiosk så deltakarane kan kjøpa seg noko å bita i, fortel Laastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.