Lokal | 08. mars 2019

Lyssandfabrikken eitt steg vidare

Plan- og bygningsutvalet samde om å leggja planprogrammet ut til offentleg ettersyn.

Lyssandfabrikken eitt steg vidare
Planområdet. (Kart: Os kommune)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 08. mars 2019 13:16

I oktober i fjor fortalde eigar, Mons Tore Lyssand, om bakgrunnen for planane om å gjera den no tomme fabrikkmassa om til bustadar.

I november gjekk PBU, mot to stemmer, inn for vidare detaljregulering av tomta.

Gjentok argumenta og diskuterte grøne lunger

Under gårsdagens PBU-møte skulle utvalet ta stilling til om planprogrammet frå tiltakshavar Mons Tore Lyssand og plankonsulent, ABO Plan & Arkitektur AS, kunne leggjast ut til offentleg ettersyn.

Harald Døsen (Ap) understreka behovet for trafikksikring og parkeringstilhøve i planane. Han gjentok òg ønskjet om at det vert lagt til rette for både bustadar og næring i bygningsmassa.

Nytt frå Døsen var eit ønskje om å nytta landbruksarealet på tomta til noko grønt.

– Vi har gått for eit ja til planane, men med omsyn til landbruksområdet nord for tomta, kunne parsellhagar vore noko? Vi har allereie teke området på Hjelle til skule, og eg kunne tenkt meg å sjå LNF-området brukt til noko grønt.

Trine Lindborg (Ap) tok vidare opp temaet estetikk;

– Kvar er dei grøne lungene i dette prosjektet? Bygget i seg sjølv er tungt og dominerande.

Fugleliv og Os’ eldste løe

Før utvalet samrøystes gjekk inn for leggja ut framlegget til planprogrammet ut til offentleg ettersyn tok debatten ein tur innom fuglelivet i området.

Tina Bøe Buer (MDG) kunne fortelja utvalet at i området finn du ein hekkebestand av tårnseilarar. Desse meinte ho måtte takast med inn i planen.

Bøe Buer stilte òg spørsmål kring garden og driftsbygningen som ligg på høgre sida av vegen før fabrikken.

– Dette er ei av dei eldste løene vi har i Os, ho står til forfall no, men eg håpar tiltakshavarene kan bruka dette kulturminnet, og heile garden som inspirasjon vidare i planane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.