Kultur | 02. des. 2016

Må avlysa i USA

Aurora operert for akutt blindtarmbetennelse, må avlyse USA-turné. – Ho er på beina igjen no, seier plateselskapet.

Må avlysa i USA
Aurora, her under konserten i Oseana, har måtte operera for akutt blindtarmbetennelse og avlyster resten av konsertane i USA (foto: KVB)
Andris Hamrefredag 02. des. 2016 08:51

Aurora har gjort stor suksess i USA med ein nesten utseld turné og fleire opptredenar på store talkshow, men i går måtte songaren frå Lysekloster kasta inn handkleet. På twitter og facebook opplyste ho at konserten i Portland måtte avlysast grunna akutt sjukdom.

– Ho har hatt blindtarmbetennelse som ho er operert for, men ho er på beina igjen no, seier Kim Paulsen i Petroleum Records til VG.

Dei planlagte konsertane i USA blir difor avlyst.

– Legane seier at alt tyder på at ho er tilbake og klar for å gjera konsertane i Noreg frå 12. desember, seier Paulsen.

Ho avsluttar året med ein liten Noregsturné med konsert i Halden, to på Sentrum scene i Oslo, Tromsø, Stavanger og Drammen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.