Lokal | 04. sep. 2009

Må i fengsel

I romjula i fjor blei ein mann slått bevisslaus i Øyane. Tiltalte (28) blei i går dømt til fengselsstraff.

Må i fengsel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. sep. 2009 08:46

Første juledag 2008 var det fest i ungdomshuset på Røttingen. I 2.30-tida natt til fredag 26. desember blei ein osing slått bevisstlaus utanfor festlokalet. Mannen hadde også knekt nasa.

Mistenkte, som også er osing, var rusa og blei tatt med til overnatting i arresten i Bergen. Det viste seg at han hadde nærmare 2 i promille.

Han erkjente ikkje straffeskuld, men hevda at han blei angripe og slo i sjølvforsvar.

Ikkje nødverge
Fleire vitne har uttalt seg, og fortalt at dei to involverte hadde krangla, og at fornærma hadde vore pågåande og aggressiv. Nokon tok fornærma vekk, og tiltalte skal ha sagt at "kjem han tilbake så slår eg han". Og fornærma kom tilbake.

Tiltalte slo først éin gong. Då fornærma reiste seg igjen slo han ein gong til. Fornærma trefte asfalten med hovudet og blei liggande bevisstlaus med broten nase. Han blei så lagt i stabilt sideleie av folk som var vitne.

Sjølv om fornærma truleg har oppført seg provoserande, og kom mot tiltalte med nevane knytt, meiner retten av tiltalte ikkje handla i nødverge.

Uønskt åtferd
I dommen frå Nordhordland tingrett står det at tiltalte ikkje tidlegare er straffedømt, men at han dei siste 10 åra har fått fire førelegg for episodar han har vore involvert i i tilknyting til alkohol.

Tiltalte er blant anna bøtlagt to gongar for slåssing i rusa tilstand.

Retten seier at ein som regelmessig er på fest vil koma i situasjonar som kan bli opplevd som irriterande, men vald skal ikkje vera løysinga.

Dei ser også at tiltalte ved fleire høve har vist uønskt åtferd når han har vore på fest.

28-åringen blei dømt for brot på straffeloven § 229 første straffalternativ. Straffa blei fengsel i 75 dagar. Tiltalte blei også dømt til å betala sakskostnadane på 300 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.