Fotball | 14. okt. 2013

Må slå Krabbetor

Serieavslutning i 6. divisjon: Nore Neset rykker ned, Søre Neset landa på 5. plass og Søfteland møter Krabbetor i kamp om kvalifisering til 5. divisjon.

Må slå Krabbetor
Niklas Linde blir gratulert med to skåringar i kampen mot Hausvik. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. okt. 2013 10:24

Laurdag blei årets 6. divisjon avslutta.

• Søre Neset spelte ein lite viktig kamp og vann 4-1 over Hasunds Hund på heimebane, og landa på 5. plass i avdeling 3.

• Nore Neset i same avdeling trengte full pott for å unngå å bli svakaste på nest siste plass i dei fire avdelingane, men spelte 2-2 borte mot Vestkysten og rykker etter tre sesongar i 6. divisjon ned igjen til 7. divisjon.

• Søfteland landa på 2. plass i avdeling 4 og møter Krabbetor borte (19/10) og heime (27/10) i kamp om opprykk til 5. divisjon.

Søfteland ville med siger i siste runde vunne serien, om serieleiar Kalandseid hadde tapt for Sleipner.

Søfteland vann 2-1 (begge måla av Niklas Linde) over Hausvik, som ikkje har tapt tidlegare i haust.

– Vi gjorde ein god 1. omgang, men då vi høyrde at Kalandseid leia 3-1 i den andre kampen ramla vi litt nedpå, fortel trenar Kenneth Svenningsen.

Det var Svenningsen som trente Nore Neset opp til 6. divisjon i 2010.

No må mannskapen hans kjempa mot Krabbetor, som både har vore i 4. og 5. divisjon dei siste åra, i kamp om opprykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.