Sport | 15. jan. 2009

Madde fekk vist seg fram

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. jan. 2009 19:39

Tre dagar etter at Os nesten gav vekk eit poeng til Askøy, imponerte dei med 15-8 til pause og opptrapping i andre omgang.

- Alle gjorde ein kjempejobb, spesielt i forsvar. Kommunikasjonen mellom keeper og forsvar sat betre, og arbeidsviljen heldt heile kampen gjennom, seier trenar Kenneth Husebø.

- Med same intensivitet i etablert angrep ville vi fått endå betre utteling og ein innertiar av ein kamp, legg han til.

Kampen enda 29-17 til gjestane frå Os

- Keeper Anne-Lene Tysseland gjorde ein av sine beste kampar, og Vibeke Ingebrigtsen, som sto i mål dei siste ti minuttane, var også i storform i dag. Banens beste var Madeleine Hjertnes, noko som var ekstra kjekt, seier trenaren, og fortel kvifor:

- Tertnes-trenar Trygve Johansen er også regional landslagstrenar for jenter fødd i 91-92. Madeleine har utruleg nok ikkje fått prøvd seg der før, men han bør ha lagt merke til ho i dag, meiner Husebø.

Lag og skåringar: Ingvill Hefte (8, sette 4 av 5 straffar) Madeleine Hjertnes (7), Emilie Hjertnes (4), Malin Hjelle Berentsen (3), Maria Stangeland (3), Elise Hjelle (2, 1 av dei på straffe), Tonje Hjertnes (1), Hilde Kristine Røttingen (1), Mona Stigen, Elisabeth Koldal, Anne-Lene Tysseland, Vibeke Ingebrigtsen.

Sundag spelar Os sin tredje kamp denne veka, også den på bortebane. Då er det Øygard sin tur. På heimebane blei det uavgjort 25-25 etter at Os hadde leia 17-9 til pause.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.