Kultur | 23. juni 2011

«Mafiaen» spelte opp

Video: «Mafiafamilien» Krohnengen Brass Band showa Oseanasalen onsdag kveld.

«Mafiaen» spelte opp
Andris Hamretorsdag 23. juni 2011 08:48

Med Lysefjord-busette Fredrik Fotland og Karl Ole Midtbø som midtpunkt inviterte Krohnengen Brass Band (KBB) til storslagen korpskonsert i Oseana.

Sjå Karl Ole Midtbøe fortelja om korleis salen kan byggast om, og høyr KBB spele Henrik Lyssand.

- Det er stor stas for oss å få vera eit bindeledd og ein overgang frå opera til jazz og blues, smilte Fredrik Fotland som eit svar på korleis det var å ta med korpset til Os.

- Berre om vi skyt deg

KBB har ei rekke bindingar til osbygda. Kvart år vitjar dei Moldegaard for sommarkonsert, men den sterkaste bindinga er det nok tidlegare dirigent Karl Ole Midtbø som står for.

- Karl Ole var dirigenten vår i 12 år. Då du forlot oss for to år sidan fekk du klar melding.

- Vi er som ein mafiafamilie, du forlet ikkje familien utan at vi bestemmer oss for å skyta deg, introduserte Fotland gjestedirigenten med.

Ved Nesland Kyrkje

At Midtbø trivst i familien var tydeleg under konserten, samstundes nytta han anledninga til å fortelja litt om korleis Oseanasalen kan gjerast om avhengig av kva ensemble som kjem.

- Byggjekomiteen fann ut at eg truleg var den som var best rusta til å ta dette arrangementet, smilte Midtbø før han fortalte om senkbar himling og flyttbart amfi.

Han hadde òg tatt med seg lokal musikk som "mafiakorpset" skulle få framføra.

- Ved Nesland Kyrkje er skriven av osingen Henrik Lyssand for kor og korps. Eg har vore så heldig å få lov til å arrangera den for korps, innleia Midtbø før korpset spela opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.