Måler kor sterk brua må bli
E39 Hordfast: I går var tre av fem skreddarsydde bøyar, som skal måla bølgjer, straum og vind, på plass utanfor Øyane og Reksteren.
Bildeserie:
Planarbeidet med ferjefri E39 held fram for fullt og denne veka blir avansert og skreddarsydd utstyr lagt ut for å måla bølgjer, straum, vind og saltinnhald i Bjørnafjorden.
– Desse er merkt som oppdrettsanlegg, med tilsvarande reglar for ferdsel og fiske i nærleiken.
– Hald avstand, oppmodar ingeniør Stian Moe Johannesen frå prosjektgruppa i Statens vegvesen som jobbar med fjordkryssing.
Bøyane skal i utgangspunktet ligga ute i to år, men denne perioden kan bli utvida med yttarlegare inntil tre år.
Frå New Zealand til Bjørnafjorden
Bøyane stikk fem meter opp og har, i tillegg til overflatemåling, ein sensor hengande i nylontau 50 meter under havskorpa. Bøyane er forankra i 12 tonn tunge betongfylte hjullastardekk.
– Det er dyrt og avansert utstyr. Bøyane er produserte i New Zealand og blei frakta til England med båt og vidare til Eidesvik med lastebil.
Eidesvik sin båt MS Bømmelbas held denne veka på med å plassera ut bøyane. Då Midtsiden var på fjorden i går heldt dei på å plassera ut bøye nummer tre.
Sender data kontinuerleg
Registreringane frå målarane lagrar data lokalt, men sender i tillegg data over nettet til ein server.
– Vi får inn opplysingar kontinuerleg, seier Moe Johannesen.
– Kva data er du mest spent på å få inn?
– Det er fleire faktorar som er interessante. Vi har gjort oss opp nokre meiningar om Bjørnafjorden, no får vi sjå om desse blir verifisert.
– Brua skal uansett byggast for ekstremvêr.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.