Lokal | 22. jan. 2019

– Målet var å berga den eine halvdelen

Brann i Midtskogvegen: Etter seks timar med innsats legg brannvesenet no skum på restane av firemannsbustaden.

– Målet var å berga den eine halvdelen
Halvdelen til høgre er nedbrent, halvdelen til venstre sto heller ikkje til å berga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. jan. 2019 09:16

Bildeserie:

Eit flammehav møtte brannvesenet i Midtskogvegen i natt. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Eit flammehav møtte brannvesenet i Midtskogvegen i natt. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Klokka 08.40 i dag blussa det opp igjen. (Foto: KVB)
Klokka 08.40 i dag blussa det opp igjen. (Foto: KVB)
Espen Borgen slo flammane raskt ned. (Foto: KVB)
Espen Borgen slo flammane raskt ned. (Foto: KVB)
Den eine halvdelen har brent ned til grunnen. (Foto: KVB)
Den eine halvdelen har brent ned til grunnen. (Foto: KVB)
– Vi prøvde å berga den andre, seier Gitle Smaadal. (Foto: KVB)
– Vi prøvde å berga den andre, seier Gitle Smaadal. (Foto: KVB)
... men også denne er totalskadd. (Foto: KVB)
... men også denne er totalskadd. (Foto: KVB)
Huset frå oppsida av vegen. (Foto: KVB)
Huset frå oppsida av vegen. (Foto: KVB)
No blir det lagt skum på restane. (Foto: KVB)
No blir det lagt skum på restane. (Foto: KVB)
Innsatsleiar Arne Monsen. (Foto: KVB)
Innsatsleiar Arne Monsen. (Foto: KVB)
Travel evakuering av bilar på glatten. (Foto: KVB)
Travel evakuering av bilar på glatten. (Foto: KVB)
Bustadbrann i Midtskogvegen. (Foto: KVB)

1 av 17

Ein stor tomannsbustad, begge einingane med kjellarleilegheit, blei totalskadd i brann i natt.

Meldinga om brann kom klokka 01.52, og politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til staden.

– Det er registrert 6 personar med adresse i firemannsbustaden, 5 av dei var heime og alle kom seg heldigvis ut, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

– I tillegg blei to nabohus evakuerte, og folk i St Hanshaugen blei varsla, då vinden sendte mykje røyk i deira retning.

Det skal ha vore nokre av dei som bur i bustaden som varsla om brannen. Dei skal òg ha sagt at den starta på ein terrasse.

– Det blir oppretta sak, og vi er tidleg i etterforskinga, så eg vil ikkje kommentera kvar brannen starta.

Møtt av flammehav

Os brannvesen har hatt 18 mann i sving i løpet av natta.

– No har vi trappa ned. Ei gruppe er på stasjonen og får seg noko mat, mens vi er her på ettersløkking og sikring av staden, seier innsatsleiar og varabrannsjef Arne Monsen.

Han gir ros til måten kollega og utrykningsleiar Gitle Smaadal, som leia det første laget som kom til staden, starta innsatsen.

– Flammane sto ut av vindauga på begge sider av den eine halvdelen av bustaden. Sjølv rykte eg inn med ei røykdykkargruppe i den andre halvdelen, både for å lukka fleire vindauge, og for å starta ein innsats for å redusera faren for spreiing, seier Smaadal.

– Målet var å redda den eine halvdelen, men sjølv med innsats frå innsida i begge etasjar, og vertikal brannvegg mellom husa, klarte brannen å spreia seg og heile firemannsbustaden blei totalskadd.

(Artikkelen held fram under videoen)

Brann i firemannsbustad i Midtskogvegen from Midtsiden on Vimeo.

(Lesarvideo, foto: Erik Ask)

Stiv kuling skapte fare for nabohus

Det var kraftig vind i natt. Oppe i liften til Os brannvesen viste målaren 16 m/s, altså stiv kuling, retning nord.

I tillegg til at flammane bles mot vegen og dei parkerte redningsbilane, tok vinden med seg mykje gneistrar.

– Vi brukte liften til å sløkka og dempa gnistregnet. Det var til hjelp, seier Monsen.

Fana brannstasjon kom til for å hjelpa. Dei blei sett til både å hindra spreiing til nabohusa, og til å fylla tankane på Os sine bilar.

– Vi kopla oss på offentleg vatn to stadar, for direktefylling frå leidningsnettet til bilane, men brukte så mykje vatn at vi heile tida måtte passa på at det blei etterfylt nok.

– Dette har rett og slett vore «fire-fighting»

Bustaden var overtent då brannvesenet kom fram. Det var tydeleg at den eine halvdelen ikkje kunne bergast, og det å slå ned flammane blei ein kamp.

– Sjølv då vi sto med stråle inn vindauga frå begge sider heldt brannen fram med omtrent same intensitet, seier Smaadal.

Det tok tid før brannvesenet kunne seia at dei hadde kontroll på brannen.

I 8.30-tida i dag blussa det litt opp igjen i den eine veggen, men brannvesenet er framleis på staden og slo flammane fort ned.

– Vi held fram med å spyla og å legga skum over dei nedbrente restane av bustaden, og det kjem framleis til å koma vassdamp og litt røyk frå staden, seier Monsen.

– Det har vore ei lang og krevjande natt, og eg er stolt over innsatsen til brannmannskapen vår. Dette har rett og slett vore ei natt med «fire-fighting».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.