Sport | 25. okt. 2014

Målfattig med 10 mann

Os spelte 60 av 90 minutt med 10 mann og klarte ikkje å slå Smørås i serieavslutninga.

Målfattig med 10 mann
Kaptein Stian Lunde spelte sin siste Os-kamp i dag. Her gratulerer han toppskårar Erik Kanestrøm etter redusering til 1-2 på frispark rett utanfor 16-meteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. okt. 2014 18:09

Bildeserie:

Smørås gjekk opp i 1-0 3 minutt ut i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Smørås gjekk opp i 1-0 3 minutt ut i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lunde skaut rett over mål i forsøk på utlikning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lunde skaut rett over mål i forsøk på utlikning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Håkon Kvittingen strekte seg også langt og høgt i forsøk på å skåra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Håkon Kvittingen strekte seg også langt og høgt i forsøk på å skåra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Debutant Kasper Færøvik klarte nesten å gripa Smørås sin første corner, men hamna i bakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Debutant Kasper Færøvik klarte nesten å gripa Smørås sin første corner, men hamna i bakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Emilis Zilinskas redda med handa og fekk raudt kort. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Emilis Zilinskas redda med handa og fekk raudt kort. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Straffen gjekk i mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Straffen gjekk i mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Erik Kanestrøm reduserte på dette frisparket etter felling av Christer Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Erik Kanestrøm reduserte på dette frisparket etter felling av Christer Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her var Christer Olsen nær utlikning rett før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her var Christer Olsen nær utlikning rett før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Smørås ligg nest nedst på tabellen og hadde ikkje håp om å berga seg i siste runde, men har hatt fleire gode resultat i år og tok full pott mot Os, som i vår vann 4-0.

– Eg synest vi var best også med 10 mann, men det var kjipt å avslutta sesongen utan fullt lag, synest trenar Jørn Vegard Berge.

Kampen var kaptein Stian Lunde sin siste med A-laget. Lunde blei gjort stas på rett før kampstart.

Utvising og straffe

Gjestane fekk ein god start på kampen då dei kom gjennom frå venstre kant og tok leiinga tre minutt etter start.

Så overtok Os og hadde 5-6 cornarar og 6-7 skot rett over mål før gjestane fekk straffe etter ein corner.

– Eg veit ikkje kva som skjedde, det var sikkert ein refleks, seier Emilis Zilinskas. Midtstopparen redda eit skot med handa etter nokre tumultar i boks etter Smørås sin første corner i kampen og fekk raudt kort i 34. minutt.

Os-keeper Kasper Færøvik (16), som debuterte for A-laget i dag, satsa til venstre mens straffen gjekk til høgre for keeper. 0-2.

– Vi skulle hatt frispark i situasjonen før, då keeperen vår blei skubba i bakken, seier Emilis, som fekk direkte raudt kort for redninga som gav straffe.

Os reduserte ved Erik Kanestrøm, som sette inn sitt 16. mål for sesongen og blei toppskårar med eitt mål meir enn Christer Olsen, då han reduserte til 1-2 fire minutt før pause.

Eitt minutt før pause var Christer Olsen gjennom, men skotet blei slått til corner.

Mållaus 2. omgang

Midtsiden tok i dag éin omgang per 3. divisjonslag og var i Lysefjorden etter pause (der Lysekloster slo tabelltoar Sotra 3-1 i dag, vi kjem med eigen sak om kampen).

På Kuventræ skal Os ha klart seg greit med 10 mann.

– Også etter pause var det vi som skapte mest, men det blei berre nokre skot, innlegg og cornarar, ikkje dei store sjansane.

Rett før slutt hadde Smørås eit stolpeskot, men ingen av laga skåra etter pause.

Os (4-3-3): Kasper Færøvik - Torkel Hjertnes, Emilis Zilinskas, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Mats Lepsøe, Erik Kanesterøm, Stian Lunde - Håkon Kvittingen (Ørjan Glesnes), Adrian Valle (Anders Kinden) og Christer Olsen.

Mestskårande lag

Os gjekk med dagens tap ned frå 5. til 6. plass på tabellen, men enda opp som det laget som har skåra mest i avdelinga i år, 74 mot Odda sine 69.

Odda slo Fyllingsdalen 2 og trengte ikkje frykta Sotra-siger i Lysefjorden, Odda blei serievinnar og rykker opp til Oddsenligaen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.