Sport | 15. nov. 2012

Målskred dominerte

MidtsidenCup: Familien Moldskred og resten av mixlaget Målskred tok seg greit vidare til sluttspelet. Her er alle resultata frå første speledag.

Målskred dominerte
Heidi Kloven (t.h.) på mixlaget Målskred lurte gutane gong på gong. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. nov. 2012 07:14

Onsdag spelte ei av to puljer i klassane herrar amatør, herrar elite og mixklassen om plass i sluttspelet laurdag.

Tittelforsvararane T Ullrich gjorde jobben og vann begge kampane i eliteklassen, i amatørklassen var Storbonden fra Dalen, med brørne Bårtvedt i spissen, suveren.

I mixklassen opna tittelforsvarar Beliebers, med blant andre Espen Kopperud og Preben Borgen, bra, med grei 5-3-siger over Bønda Allstars. Men dei måtte sjå seg slått av Målskred, med blant anna A-lagskeeper Anders Kloven, damelagsspelar og veslesøster Heidi Kloven, damelagstrenar Cato Moldskred og dottera Malin.

Sånn ser tabellane ut i dei tre puljene etter kampane onsdag kveld:

(Sjå resultat frå kvar kamp nedst i artikkelen)

MIX PULJE 1
1. Målskred: 7 poeng (14-6 i målforskjell)
2. Beliebers: 5 poeng (12-10 i målforskjell)
3. Rett Vest: 4 poeng (13-8 i målforskjell)
4. Bønda Allstars: 0 poeng (5-20 i målforskjell)

HERRAR AMATØR PULJE 1
1. Storbonden fra Dalen med bekjente: 6 poeng (12-6 i målforskjell)
2. Yellow Fellows 1 poeng (4-10 i målforskjell, vidare på straffekonk 6-5)
3. Team Lunde 1 poeng (4-10 i målforskjell)

HERRAR ELITE PULJE 1
1. T Ullrich: 6 poeng (8-3 i målforskjell)
2. FIFA: 3 poeng (8-5 i målforskjell)
3. Gutta Krutt : 0 poeng (3-11 i målforskjell)

Torsdag speler pulje 2 i dei tre klassane, i tillegg til dameklassen.

For kampoppsett, puljer og spelarar, sjå:
Midtsiden samleside: MidtsidenCup

RESULTAT FRÅ KAMPANE ONSDAG

Kampstart 18.00
Bane 1: Beliebers - Bønder Allstars5 - 3
Bane 2: Målskred - Rett Vest4 - 1

Kampstart 18.30
Bane 1: Storbonden fra Dalen - Team Lunde6 - 3

Kampstart 19.00
Bane 1: FIFA - Gutta Krutt6 - 2

Kampstart 19.30
Bane 1: Rett Vest - Beliebers3 - 3
Bane 2: Målskred - Bønder Allstars6 - 1

Kampstart 20.00
Bane 1: Yellow Fellows - Storbonden fra Dalen3 - 6
Bane 2: FIFA - T Ullrich2 - 3

Kampstart 20.30
Bane 1: Bønder Allstars - Rett Vest1 - 9
Bane 2: Beliebers - Målskred 4 - 4

Kampstart 21.00
Bane 1: Yellow Fellows - Team Lunde4 - 4
Bane 2: Gutta Krutt - T Ullrich1 - 5

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.