Politi | 08. sep. 2022

Målt til 98 km/t i 50-sona

– Vi kjem til å halda fram med å ha fartskontrollar i klageområde.

Målt til 98 km/t i 50-sona
Politiet hadde to fartskontrollar her i går. Begge gav resultat. (Arkivbilde, foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. sep. 2022 06:47

Politiet i Os hadde saman med UP tre trafikkontrollar i går, to av dei på same stad, i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen.

– Vi sto frå klokka 18 til 20, blant anna med fokus på fart, og skreiv ut eitt forelegg og tok eitt førarkortbeslag, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande som køyrde fortast, ein mann i 50-åra, blei målt til 98 km/t i 50-sona.

Flytta seg til E39

Etterpå flytta politiet seg til vekta på E39 Halhjemsvegen, retning Halhjem. Der har fartsgrensa nyleg gått ned frå 80 etter tunellen til 70 km/t.

Vekta er rett før ulykkesutsette Lepsøykrysset.

– På E39 blei det skrive ut tre forelegg. Høgaste fart var 84 km/t.

Det førte til 2.300 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet.

Hadde 6 prikkar frå før

Patruljane avslutta med nok ein kontroll i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen.

Der blei det skrive ut tre nye forelegg.

Høgaste fart var 71 km/t i 50-sona, noko som gir 9.300 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Ein av dei tre som fekk forelegg hadde 6 prikkar frå før, og då vedkomande fekk nokre nye, blei det førarkortbeslag.

Dette var ein gut på under 20 år.

– Vi får ofte inn klagar på høgfart og uaktsam køyring frå fleire stadar i bygda, og kjem til å halda fram med fartskontrollar også i tida som kjem, seier Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.