Låg for tett - fekk saftig forelegg
Fleire blei tatt i fartskontroll, men også ein som heldt for kort avstand fekk svi.


Tysdag kveld blei det gjennomført fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.
Fem bilistar vedtok forelegg frå utrykningspolitiet.
Høgast fart var målt til 93 km/t i 70-sona, noko som resulterte i 7000 kroner i forelegg og til tre prikkar på førarkortet.
Køyrde for tett
Ein bilførar blei stansa på Halhjemvegen på grunn av for kort avstand til bilen framfor seg.
– Føraren vedtok eit forelegg på 7450 kroner og tre prikker på førerkortet, seier politioverbetjent Atle Birkeland.
Stoppa i 60-sona
Det blei også gjennomført fartskontroll ved Byvegen tysdag kveld.
Ein bilist køyrde i 71 km/t i 60-sona og fekk eit forelegg på 4150 kroner og to prikkar på førarkortet.
Påkøyrd rev
Seint tysdag kveld fekk politiet melding om ein påkøyrd rev i Strønevegen.
Viltkontakt blei varsla.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.