Kultur | 18. aug. 2025

Mange barn får lite frukt og grønt i matpakken

Ei fersk undersøking viser at under halvparten av elevane mellom 11 og 16 år får med seg frukt eller bær, og endå færre har grønsaker i matboksen.

Mange barn får lite frukt og grønt i matpakken
SKULESTART: Ranselen står klar. Pennalet også. Men har du planlagt kva som skal i matboksen? Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokamåndag 18. aug. 2025 06:00

Skulestarten er også startskotet for ein ny matpakkesesong. Kva skal du legge i matboksen?

Norstat gjennomførte i april ei landsdekkande spørjeundersøking om matpakkane til barn og ungdom på vegne av Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).

Undersøkinga viser at under halvparten av elevane mellom 11 og 16 år får med seg frukt eller bær i matpakka. Mindre enn eitt av tre barn får med seg grønsaker eller salat.

Styr unna denne som hjerneføde

Samstundes som inntaket av frukt og grønt går nedover i takt med at barna blir eldre, får kvar fjerde 11-12-åring med seg noko som ikkje er matnyttig nistemat, ifølge opplysningskontoret.

– Du kunne nesten like gjerne sendt med ein sjokolade om du sender med energibarar, seier ernæringsrådgivar Iselin Bogstrand Sagen i OFG.

Den eller den? Éin «bar» og éin sjokolade. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Den eller den? Éin «bar» og éin sjokolade. Foto: Marie Kroka / Midtsiden

– Mange føresette trur energibarar er eit sunt val, seier Sagen.

Emballasjen lovar fiber, lite kaloriar, og viser freistande bilete av frukt.

– Men barane inneheld ofte mykje tilsett sukker, bearbeidde ingrediensar og ekstrudert korn.

Ekstrudering er ein prosess der kornmel blir varma opp, elta og pressa gjennom ei dyse slik at sluttproduktet blir luftig, men med mindre næring og helsefordelar enn meir ubehandla korn.

Fem til åtte er anbefalinga

– Søte barar gir rask auke i blodsukker og påfølgande fall, noko som svekker konsentrasjonsevna, seier Sagen.

Ho tilrår å gå for grove kornprodukt i matpakka, og alltid inkludere frukt og grønsaker.

Dei norske kostråda tilrår å ete minst fem, og helst åtte, porsjonar frukt, bær eller grønsaker kvar dag.

– Frukt, bær eller grønsaker bør etast til alle måltid, gjerne også som mellommåltid, skriv Helsedirektoratet.

Desse kan du trygt sende i matboksen. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Desse kan du trygt sende i matboksen. Foto: Marie Kroka / Midtsiden

For barn under ti år er éin porsjon rekna for å vere barnet sin eigen handfull. For alle andre svarer éin porsjon til 100 gram.

Sagen tipsar om å gjere det enkelt.

– Eit eple og ein gulrot er supert – det tar ingen ekstra tid, og kjem ferdig pakka frå naturen sin side.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.