Mange førehandsrøyster
Talet på førehandsrøyster i Os kommune nærmar seg dobbelt så høgt som ved førre val.


Ved førre val var det rundt 1500 som stemte før valdagen. Då Midtsiden.no var innom Os Rådhus fredag i 10.30-tida var talet på førehandsrøyster allereie over 2000.
- Dette er stemme nummer 2241, seier Aina Haugland (t.h.) i Kundetorget i rådhuset.
Åsbjørg Jonassen var ein rask tur i avlukket før ho kom ut med ferdigbretta stemmeseddel.
- Eg skal til Kreta på måndag, derfor måtte eg innom og stemma i dag, fortel ho.
- Så du gjer borgarplikta di sjølv om du skal på tur?
- Ja, det er klart vi må bruka stemma vår, elles kan vi ikkje klaga over noko seinare.
For dei som ikkje stemmer heimefrå er det berre på rådhuset du kan førehandsstemma. Og der er det stor aktivitet fredag.
I dag er siste stemmedag før valdagen måndag 14. september.