Næringsliv | 03. sep. 2021

Mange ledige vil miste stønad

1.900 vestlendingar nærmar seg slutten på perioden med dagpengar eller arbeidsavklaringspengar.

Mange ledige vil miste stønad
Bjørnafjorden rådhus. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. sep. 2021 08:13

Arbeidsløysa går no raskt nedover i Vestland. Samstundes nærmar 1.900 vestlendingar seg slutten på perioden med dagpengar eller arbeidsavklaringspengar.

Ved utgangen av august var 8.619 personar i Vestland heilt arbeidsledige, ein nedgang på 1.275 personar sidan juli. Talet på permitterte arbeidstakarar gjekk ned med 691 personar til totalt 3.512.

Arbeidsløysa i Vestland er no på 2,5 prosent og ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,7 prosent.

Mange står utanfor

– Arbeidsløysa nærmar seg eit nivå som vi kjenner att frå før pandemien. Likevel ligg den godt over tala frå august 2019.

– Mange har vore ledige lenge og slit med å kome i jobb, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Ho er bekymra for at arbeidsløysa i Vestland skal feste seg på eit høgare nivå enn før pandemien.

Det er særleg unge med låg eller inga utdanning, personar med helseplagar og innvandrarar med språkutfordringar som står langt frå arbeidsmarknaden.

Ytingar går mot slutten

Frå 1. oktober blir særordningane i samband med pandemien avvikla. Dette gjeld både satsen på dagpengar og kor lenge ein kan få dagpengar og arbeidsavklaringspengar (AAP).

Det tyder at mange vil få stans eller reduksjon i inntekta frå NAV dei nærmaste månadene.

Over 1.200 personar i Vestland når slutten på dagpengeperioden sin i oktober. Dei har då vore ledige i minst eitt år.

Ordninga med arbeidsavklaringspengar går mot slutten for nær 700 personar. Dei har siste dag med AAP i september eller oktober.

– Vi vil prioritere å følgje opp dei som snart står utan ytingar. Målet er at så mange som mogleg kjem i arbeid, men for dei som ikkje lukkast kan alternativet bli å søkje om sosialhjelp.

– Eg vil oppmode til å sjå utanfor sin eigen kommune, for det finst mange ledige stillingar i fylket, seier Bogsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.