Kultur | 02. des. 2017

Mangfaldig vår på Oseana

I dag lanserte Oseana programmet for våren 2018.

Mangfaldig vår på Oseana
Arrangementssjef Berit Steen og direktør Ole Tobias Lindeberg presenterte vårprogrammet laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 02. des. 2017 15:10

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg og arrangementssjef Berit Steen presenterte laurdag formiddag vårprogrammet for ein fullsett foajé, kor tilhøyrarane fekk servert julegraut, gløgg og peparkaker.

– Det står mykje på programmet for våren. Her er det noko for familiar og born, for dei klassisk interessert og sjølvsagt både humor og konsertar. Vi har også nære og kjære innslag frå lokale bidragsytarar, innleia Lindeberg.

Familie og barn

Det har allereie vore kjend lenge at Riksteateret kjem med tre framsyningar av klassiske «Folk og Røvere i Kardemommeby».

– Det blir ei framsyning akkurat som vi kjenner den. I tillegg blir det moglegheiten til å møta røvarane i foajeen etter framsyninga, fortalde Steen.

– Vi er glade for at UKM for Os og Fusa er tilbake, etter eit års pause frå huset. Det er kjekt med dei talentfulle ungdommane.

– Ein nyhet i vår er trylleshow med illusjonisten Rokas Bernatonis. Det er eit show for heile familien. Rokas er ein av dei framste i europa på dette, sa Steen.

– Eg er jo litt ekstra glade i tekniske dubedittar. På dette showet kjem vi til å filma triksa direkte og vise dei på storskjerm slik at alle ser godt, skaut Lindeberg inn.

Klassisk

Oseana byr også i vår på eit spennande klassisk program.

– Som del av festspela kjem Cape Town-ensemblet Isango med Mozart sin eventyropera Tryllefløyten. Det blir ei annerleis tolking med ein afrikansk twist.

– Eit anna innslag under festspela er at Nordvegen kjem i år også, men med ein kammerkonsert i fjellhallen på Solstrand.

Innan det klassiske feltet blir det også lokale innslag då Glen Erik Haugland og Heidi Tronsmo viser den nye framsyninga Nattspill.

– Den byggjer på Ibsen sitt verk «Fru Inger til Austrått» med ungdommar frå Os og Fusa og studentar frå Griegakademiet. Vi har hatt interessante og givande samtaler med ungdommane i arbeidet med framsyninga, noko som har gitt grunnlaget for den. Ut frå dei har vi utvikla denne kammeroperaen, kor ungdommane også har vore involvert med å skriva replikker, fortalde Glenn Erik Haugland, som hadde tatt turen til lanseringa.

Konsertar

Stein Torleif Bjella, Secret Garden, Frode Alnæs og Ingebjørg Bratland er av artistane som vitjar kulturhuset i vår.

– Det er litt artig at tre av artistane som kjem til oss i vår syng på nynorsk. Stein Torleif Bjella har eg fått oppmoding om å henta hit frå opptil fleire osingar. Difor er det veldig gledeleg at vi no har fått tak i han, smilte Steen.

Eit litt ekstra hjarte for Secret Garden har direktøren.

– Eg får litt hiemlengsel når eg høyrer dei. Eg har eit litt eiga forhold til dei, siden eg spelte fiolin saman med dei på ein nyttårskonsert heime i Kristiansand for nokre år sidan.

Nært og kjært

Både Os kammerkor, Os musikkforening og ungdomsskuleelevane frå Os Ungdomsskule kjem på scene i vår.

– I tillegg blir det igjen moteshow i samarbeid med Os sentrum. Vi gjentek sukessen frå eit par år sidan, men vi oppgraderer. I år blir det moglegheit til å kjøpa VIP-plassar heilt inntil catwalken med bobler og fingermat inkludert, fortalde Steen før marknadsjef Veronica Søilen Halhjem presenterte planane for Osdagane med kunsthantverksmarknad og ølfestival, og kurator Evelyn Holm presenterte utstillingsprogrammet for våren.

– I vår blir det både Supra med Glen Erik Haugland og Heidi Tronsmo. Dei skal gjera ein installasjon over 16 dagar. Der kjem det garantert til å bli mykje lyd.

– Vi får vitjing av 11 skotske kunstnarar med utstillinga Preserve og vi får Torill Stray, som er bergenser som har jobba mykje i Brooklyn i New York. Med ho er det forresten noko veldig stort på gang med i New York. Eg kan ikkje seie kva, men følg med.

– Sommarutstillinga blir med Thomas Kvam. Han har, så vidt eg veit, aldri stilt ut på vestlandet før, og er ein kunstnar som engasjerer med sine verk om Hamsun, fortalde Holm.

På toppen av det heile blir det godt med humor også i vår. Terje Sporsem kjem med «Religion», fleire av standuperane frå Latter kjem med «Latter Live» og Ørjan Burøe kjem med «Fordommer».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.