Mann (29) sparka politi
Vaktane ved utestaden Bar2Be ringte politiet klokka 03.09 natt til sundag. Dei hadde lagt ein mann i jern og ba om assistanse.
- Patruljen var framme klokka 03.23. Dei syntes situasjonen var så uoversikteleg at dei ba om assistanse frå ein patrulje frå Fana, fortel politiførstebetjent Oddvar Norfonn ved operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.
Mannen som låg i jern sparka ein av politibetjentane i ansiktet.
- Han blei tatt med inn og sit framleis i forvaring. Mannen, som er 29 år, blir meldt for vald mot offentleg tenestemann, opplyser Norfonn.
Det var generelt mykje bråk rundt episoden på Bar2Be, og den andre patruljen tok også med seg ein mann til arresten. Vedkomande blir meldt for å forstyrra ro og orden i rusa tilstand.
Tidlegare på kvelden, klokka 02.30, var patruljen på Opus for å hjelpa vaktane. Der var det ein kar som var bortvist, men som ikkje ville gå frå staden.
- Han tok turen då politiet kom, så der løyste det seg fint, seier Norfonn.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.