Politi | 15. mai 2024

Mann i 20-åra påkøyrd i fotgjengarfelt

Ulykke på Hatvikvegen.

Mann i 20-åra påkøyrd i fotgjengarfelt
Politi i krysset mellom Hatvikvegen og Solstrandvegen i samband med MC-uhell i mai 2022. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 15. mai 2024 07:42

Klokka 07.20 onsdag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Hatvikvegen.

Ein bil skal ha køyrd på ein fotgjengar i eit overgangsfelt. Det er ikkje oppgitt kvar på Hatvikvegen uhellet skjedde.

Fotgjengaren er ein mann i 20-åra.

– Mannen er vaken og bevisst, og blei tatt med til legevakta av folk på staden, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Operasjonsleiar fortel at det blir sendt ut ein patrulje for å undersøka.

Rett før klokka 08 blei det opplyst at det er ingen trafikale problemer på staden, og at begge dei involverte personane er på legevakta.

Politiet har vore i kontakt med både førar av bilen, ein mann i 60-åra, og fotgjengaren.

– Mannen i 20-åra framstår uskadd.

Det er foreløpig ikkje opplyst om eventuelle reaksjonar ovanfor bilførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.