Lokal | 25. aug. 2019

Mann i 40-åra mistenkt for køyring i narkorus

Her er politiet sine notatar så langt i helga.

Mann i 40-åra mistenkt for køyring i narkorus
Éin blei tatt med narkotika, ein annan blei vist vekk frå sentrum etter verbal utagering. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. aug. 2019 07:38

Mannen som blei stoppa av vegvesenet for brot på køyre- og kviletida fredag, og blei meldt til politiet, var ein utanlandsk mann i 20-åra.

Han fekk eit forelegg på 5000 kroner, som han betalte på staden.

Også politiet i Os har vore aktive i trafikken denne helga.

– Klokka 00.30 natt til laurdag følgte ein patrulje etter ein ung, kvinneleg bilist gjennom ulike fartssonar i Lysefjorden. Ho heldt høg fart og fekk både forenkla forelegg og fire prikkar på førarkortet, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Seinare på natta, i 4-tida, blei ein bilstoppa på Byvegen. Bilførar, ein mann i 40-åra, er mistenkt for køyring i rusa tilstand og bruk av narkotika. Det blei òg funne mindre mengder narkotika i bilen.

Promillekontroll på Lepsøyvegen og i Lysefjorden

Laurdag morgon frå klokka 08.30 hadde politiet promillekontroll i begge retningar i Storumbakken på Lepsøyvegen.

42 bilar blei kontrollerte, alle bilførarane var edru.

Klokka 00.30 hadde dei kontroll på Lyseklostervegen. Her sjekka dei 11 bilistar, som òg var edru.

Tatt med narkotika

I løpet av natta blei ein mann i 20-åra sjekka av politiet. Han er mistenkt for bruk og besittelse av narkotika.

I 4-tida fekk politiet melding om ein mann som var verbalt utagerande. Vedkomande, ein mann i 40-åra, blei vist vekk frå Os sentrum med pålegg om å halda seg vekke resten av natta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.