Lokal | 13. nov. 2019

Mann i 50-åra slapp fengsel

Tatt med 48 narkotiske tablettar.

Mann i 50-åra slapp fengsel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. nov. 2019 08:45

Ein mann i 50-åra frå Os møtte i førre veke i Nordhordland tingrett, sikta for erverv av 48 Rivotril-tablettar. Desse inneheld det narkotiske stoffet klonazepam.

Mannen møtte i retten og tilsto.

Rivoltril i denne omfangen kvalifiserer i utgangspunktet for fengsel utan vilkår, men retten fann fleire formildande forhold, blant anna at sikta samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom.

Sikta blei dømt til 30 timar samfunsstraff, med gjennomføringstid på 120 dagar fengsel, subsidiært 18 dagar fengsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.