Lokal | 25. sep. 2018

Mann tatt etter tjuveri frå takterrasse

Vitne høyrde skrik og skrål, og observerte mannen då han gjekk frå Havnechefen.

Mann tatt etter tjuveri frå takterrasse
Mannen stakk frå staden, men skildringar frå vitne gjorde at politiet møtte han nær sentrum seinare på natta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. sep. 2018 07:59

Seint måndag kveld fekk politiet melding og bråk og romstering på takterrassen til restauranten Havnechefen.

– Vi sendte ut ein patrulje. Mannen var då vekke frå staden, men vi fekk gode skildringar av vedkomande, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Alkoholhaldig drikke var sakna frå takterrassen.

Møtt gatelangs

Vidare patruljering i og rundt Os sentrum førte til at dei møtte ein mann som stemte med slik mistenkte var skildra.

– Vedkomande, ein mann i 20-åra, erkjente forholdet.

– Blei det funne tjuvgods på mannen?

– Nei, men det blei funne noko i området der han blei stoppa, så det ser ut som om han nyleg hadde slengt det frå seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.